– Svekkjer studiekvaliteten

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Mange høgskular og universitet tek opp langt fleire studentar enn dei i utgangspunktet har fått finansiert, seier rådgjevar i Forskerforbundet, Jon Wikene Iddeng.

– Det er eit misforhold som gjer at vitskapeleg tilsette kjenner seg skvisa. Det går utover studiekvaliteten, og gjer at forskarane får mindre tid til forsking.

Iddeng meiner finansieringsmåten (sjå faktaboks) har fungert feil. I dag får institusjonane 60 prosent av midla når studentane byrjar på studiet. Dei resterande 40 prosentane kjem når studentane fullfører eksamen.

– Den resultatbaserte ordninga skulle nyttast som eit strategisk middel for å få gjennom studentar, og gje eit visst slingringsmonn. Men me meiner dei 40 prosentane er ei for sterk lønning, seier Iddeng.

Han får støtte frå leiar i Norsk Studentorganisasjon, Ola Magnussen Rydje.

– Med det eksisterande finansieringssystemet vil utdanningskvalitet alltid kome i siste rekkje. Insentivet gjer at ein dyttar flest mogleg gjennom utdanning på kortast mogleg tid. Det er eit teikn på at finansieringssystemet må endrast. Studentane rammast når institusjonane prøver å få botnlina til å gå i pluss på denne måten, seier Rydje.

LES OGSÅ: 30 prosent av lærarstudentane droppar ut

– Mange fell frå undervegs
Tidlegare i sommar skreiv leiar for Studentparlamentet ved Universitetet i Oslo (UiO), Gabrielle Gjerdset, eit innlegg i Aftenposten der ho kritiserer UiOs overbooking. Rektor ved Universitetet i Oslo, Ole Petter Ottersen, svara med at det er naudsynt for å fylle opp studieplassane

– Me freistar heile tida å treffa så presist som mogleg. Me gjer det me kan basert på erfaring frå tidlegare år. I fjor var det 6726 som svara ja til plass, men berre 5343 som møtte opp. Me må vere ekstremt omhyggelege med å sende tilbod til akkurat så mange som me trur trengs for å fylle opp plassen, seier Ottersen.

Òg Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) tek inn for mange, fortel rektor Kari Toverud Jensen.

– Overbooking er ein konsekvens av at ein del studentar av mange ulike orsakar fell frå undervegs i studia, skriv Toverud Jensen i ein e-post til Universitas.
Ho trur det kan vere fleire grunnar til det:

– Studentar søkjer studiar på fleire institusjonar, dei kan endre studieynskjer innan studiestart og sjølvsagt er bustadmangel ei utfordring som kan resultera i at dei ikkje byrjar. Ho meiner det er misvisande å sjå på tal for start av semesteret, og fortel at Høgskolen overbookar med det talet som normalt fell frå i løpet av første studieår.

LES OGSÅ: Nesten tre av ti har høgare utdanning

– Utbygging står ikkje i stil
Forskerforbundets Jon Wikene Iddeng er uroa for plassproblema.

– Statistikk syner at talet på tilsette, mengdene forsking som publiserast, talet på doktorgrader og talet på studiepoeng som vert teke, aukar meir enn areala som studentane og dei tilsette har å boltra seg på. Utbygginga av infrastruktur og areal står ikkje i stil til studentauken. På eit tidspunkt vert det eit spørsmål om det er fysisk plass til fleire, seier Iddeng.

Førre veke presenterte Kunnskapsdepartementet eit nytt utval som skal sjå på korleis universitets- og høgskulesektoren bør finansierast i framtida.
Rektor Ottersen ynskjer utvalet velkommen.

– Dagens finansieringsmodell opnar ikkje for å realisere dei ambisjonane mange høgare utdanningsinstitusjonar har. Mange av dei nye studieløpa som me no treng, er dyrare enn det som ligg i finansieringsmodellen, seier Ottersen.

Les saka i Universitas.

Faktaboks

Offentleg finansiering av studier

  • I Noreg har me i dag ei såkalla «resultatbasert utdanningsfinansiering».
  • Den vart innført med Kvalitetsreforma i 2002.
  • Dei offentlige universiteta og høgskulane får eit bestemt beløp i støtte til studieplassar frå Kunnskapsdepartementet.
  • Nokre av desse er studieplassar som regjeringa ynskjer å satse på, til dømes lærarar eller sjukepleiarar
  • 60 prosent av grunnfinansieringa får institusjonane frå dag ein av semesteret. Dei siste 40 prosentane kjem når studentane står på eksamen, og med det får studiepoeng.