Ein finger over ein bokstav skapar nytt morosamt innhald. Emma Clare har over 4500 følgjarar på fotodelingsmediumet Instagram.

mm
Faktaboks

@funksjonsemma på Twitter og på Instagram

LES FAKTALUKK FAKTA

 – Far min bruka å kalle meg det då eg var lita, svarar Emma Clare på spørsmålet på kvifor ho vel å kalle seg @funksjonsemma på sosiale medier.  

– Så eg nytta det då eg oppretta min første Hotmail-konto i sjetteklasse, og etter MSN kom, har det berre blitt hengande. Så kalla eg meg det på Twitter, og no på Instagram. Draumen er å lage min eigen @funksjonsemma-kolleksjon for BikBok.

Til dagleg arbeider 21-åringen som journalist i magasinet D2, som tilhøyrer Dagens Næringsliv, men mest kjend er ho for sin humoristiske aktivitet på Instagram.

I samband med Framtida sin fotokonkurranse med tema språkhumor ville me finne ut kva som inspirerer ein språkhumorist.

Kva er din #dinhumor?
– Eg vil nytte høvet til å trekkje fram kva eg er mest #fascinert av i augneblinken: Tyra Banks på Vine! Hahahaha, ho er eit GENI.

Kva er verdas morosamaste ord?
– Morosam (Red.anm: Dette er det einaste svaret som ikkje er omsett til nynorsk av Framtida.)

Kva er ditt forhold til nynorsk?
– Veldig godt, var alltid ekstremt ivrig i nynorsk-timane då eg gjekk på skulen. Det beste eg visste var å skrive kåseri på nynorsk for og så få lov til å lese dei høgt på …nynorsk(?) med sånn halvdårleg ’Deit Norske Te-aaa-teiret’-dialekt framføre resten av klassen. Eg trur eg er så glad i nynorsk fordi eg såg innmari mykje på TV-serien 'Med Hjartet På Rette Staden" (teksta på nynorsk) i oppveksten. Pluss at ingen andre likar nynorsk, og eg har innsett viktigheita av å være motstraums.

Korleis har du utvikla eit auge for morosamt språk?
– Begge foreldra mine er omsetjarar, og møttest då dei tok mastergraden sin i England. Dei tykte at det var kjempefestleg å kalle sitt første barn Emma, på grunn av ”MA, mastergrad”. Har aldri skjøna kvifor dei ikkje drog vitsen endå lenger ved å kalle veslesyster mi Bea, som i ”BA, bacherlor”, og legg til:

– Ho heiter Louise. KVAR er humoren?

Korleis byrja bileta med fingeren over ein bokstav?
– Eg hugsar ikkje når eg gjorde det første gongen, men har drive på med det i mange år og berre latt bileta liggje, sidan eg ikkje hadde nokon å dele dei med… Og så kom Instagram og då kunne eg ENDELEG få ein (k)anal for mitt enorme kunstnariske uttrykksbehov.

Kva av dine bilete har sanka flest likes på Instagram?
– Eg veit ikkje. Men om eg hadde visst det, hadde eg iallfall ikkje sagt det – det må då vere grenser for kor taparaktig eg kan verke.

Har du tips til unge lovande språkhumor-fotografar?
Ja, hald fram med å poste skikkeleg dårlige ordspel slik at eg surnar til og blir lei av å gjere det sjølv og slettar Instagram, slik at eg faktisk får meg eit liv.

Kva tykkjer du fortener eit like frå deg?
– INGENTING, MINE LIKES ER HEILAGE

Kva vil du ha eit bilete av på Instagram  før du dør?
– Eg vil gjerne prøve å hoppe frå stratosfæren, sånn som Felix Baumgartner gjorde ein gong, før eg dør…kjem vel kanskje til å døy av det hoppet, så nokon andre må nesten instagramme det for meg.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.45

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE