Ungdomskriminaliteten har på ti år falle 25 prosent, takka vere at stadig fleire bruker tid på dataspel framfor å gå gatelangs og skape kvalm, ifølgje NOVA.

NPK-NTB
NPK-NTB

Ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB) blei 10,3 prosent av all ungdom mellom 15 og 20 år sikta for lovbrot i 2002. I 2011 var delen falle til 7,8 prosent, altså ein nedgang på 25 prosent. Trenden har vore slik sidan 1980-talet, skriv Vårt Land.

– Det er ein generell trend at ungdom blir streitare. Ei viktig forklaring er at nesten alle ungdommar har fått mobiltelefon og tilgang til eigen datamaskin. Dataspel og moglegheiter for å vere sosial på nettet gjer at fleire brukar mykje meir tid heime, seier forskingsleiar Anders Bakken i Nova, Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring.

Han påpeiker at ein føresetnad for å drive kriminalitet, er at ein går ute og kjem i kontakt med belasta miljø.

LES OGSÅ: Får karakter i dataspel på skulen

– Unge gutar spelar heller data enn å drive gatelangs, seier Bakken.

Ungdomskriminalitet blei tidlegare ofte gjort i rein keisemd, legg han til, og viser til at ungdom i dag har fått eit betre forhold til både foreldre og skule. Låg arbeidsløysa blant unge bidrar også, fortel han. Bakken trekkjer vidare fram det førebyggjande arbeidet til politiet som ein medverkande faktor til nedgangen i ungdomskriminalitet.

Politidirektoratets seksjonssjef Morten Hojem Ervik meiner nedgangen i ungdomskriminalitet heng saman med den generelle velstandsutviklinga i Noreg, men også han ser at dataspel kan ha redda unge frå kriminaliteten. (©NPK)

LES OGSÅ: – Skytespel er bra for hjernen

Kva meiner du er årsaka til at ungdom no til dags er meir lovlydige?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.45

Kommentarar

ANNONSE