Tvilar på firepartiregjering

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tvilar på fire parti i regjering

Guro Fjellanger, som var miljøvernminister for Venstre i Bondevik I-regjeringa, meiner sjansane for ei firepartiregjering er mikroskopiske.

– Det er under 10 prosent sjanse for at det blir ei firepartiregjering, seier ho til Dagsavisen.

Odd Einar Dørum, som var samferdselsminister for Venstre i Bondevik I-regjeringa og justisminister i Bondevik II-regjeringa, trur heller ikkje at det blir plass til fire parti i ei ny borgarleg regjering.

– Det er det berre eitt enkelt svar på: Ser vi på programma til Venstre og Framstegspartiet, så er vel det lite sannsynleg, seier Dørum.

Han understrekar at Venstre går til val på regjeringsskifte, men meiner det er lite truleg at alle dei fire partia vil regjere saman.

Tidlegare parlamentarisk leiar Einar Steensnæs i Kristeleg Folkeparti deler same syn. Han var kyrkje- og undervisningsminister og utdannings- og forskingsminister i Syse-regjeringa, og han var olje- og energiminister i Bondevik II-regjeringa. Han seier det er lite truleg at dei fire partia kan bli einige. I realiteten har ein tre alternativ, meiner Steensnæs: Ei rein Høgre-regjering, ei sentrum/Høgre-regjering, eller ein blåblå regjering.

Heller ikkje tidlegare Frp-leiar Carl I. Hagen har stor tru på at dei fire partia vil regjere saman.

– Dersom eg skal tolke signala frå Knut Arild Hareide og Trine Skei Grande, er moglegheitene små. Men dei vil i alle fall prøve å forhandle om ei regjeringsplattform, og det er positivt, seier Hagen. (©NPK)

Les siste nytt frå valkampen her!

Kva regjering håper du på?