MDG kan få to stortingsmandat

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

MDG kan få to mandat

– Er du galen? Dette er nesten utruleg, seier leiar i Miljøpartiet Dei Grøne (MDG), Rasmus Hansson til VG.

Ei ny meiningsmåling syner at partiet hans har auka oppsluttinga til 3,8 prosent, og er no verkeleg med i kampen om utjamningsmandata på Stortinget.

LES OGSÅ: Heilgrøne Hanna

SV over sperregrensa
Berre SV har ei større auke enn MDG. Audun Lysbakken kan juble for ei auke på 1 prosent, med 4,3 prosent er partiet no endeleg over sperregrensa att.

Meiningsmålinga, som er gjort av InFact på oppdrag for VG, er basert på 3000 intervju.

Høgre har framleis størst oppslutning med 31 prosent, etter å ha gått ned 0,9 prosent frå førre måling. AP derimot har auka med ein halv prosent til 28 prosent oppslutning.

QUIZ: Kva veit du om Miljøpartiet Dei Grøne?