Sunnmøre sin servicehelt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

HSMAI-teamet (Hospitality Sales & Marketing Association International) overraska Mariann på hotellet fredag. I 2008 vart ho hotelldirektør på Hotel Union Øye, og ho var då den yngste hotelldirektøren i Noreg, berre 23 år gammal.

– Dette var ein gledeleg og heilt fortent pris til ein av reiselivsnæringa sine verkelege serviceheltar, seier ein tydeleg stolt Terje Devold i 62 Nord As. Selskapet eig og driv Hotel Union Øye.

Mariann fekk ein diplom og eit weekendopphald for to på hotell.

Marianne vart veldig rørt og svært glad for prisen. Ho valde å overraske HSMAI tilbake med å synge ein song, som ho også ofte gjer for gjestene sine.