Vegvesenet: Få tunnelulykker
Dei siste ti åra har 71 personar omkome i ulykker i tunnelar i Noreg. Det utgjer 3 prosent av det totale talet på omkomne i trafikken, viser tal frå Statens vegvesen.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Etter den dramatiske brannen i Gudvangatunnelen, der nesten 70 menneske blei røykskadd, har Vegvesenet laga ei oversikt over talet på ulykker som har skjedd i dei tusen tunnelane som finst her i landet mellom 2003 og 2012. Oversikta viser talet på drepne og hardt skadde.
Oversikta viser at dei fleste ulykkene skjedde med personbilar eller liknande køyretøy. Medan altså 71 menneske omkom i ulykkene, blei over 151 alvorleg skadd. I alt over 8.600 menneske blei hardt skadd i trafikkulykker her i landet dei siste ti åra.
– Vi jobbar heile tida med å betre sikkerheita i norske tunnelar. Oversikta viser samtidig at det relative talet på alvorlege ulykker i tunnelar i Noreg er veldig lågt, og at det i hovudsak er trygt å køyre i tunnelar, seier seniorrådgivar Arild Engebretsen i Vegdirektoratet.