Full fart i sommar-Telemark

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg elskar å «kanoe» og det er veldig moro å hoppe på trampolina og gå på turar, seier Teun van Leeuwen (3) frå Nederland.
Han, dei to storesyskena og foreldra er på ferie i Noreg for fyrste gong og nyt sommarvarmen i Straand sommarland i Vrådal.
Litt bortanfor er to franske brør i full gang med å vise fram triks på trampolina. Foreldra, Nathalie og Eric Davalo, meiner Vrådal er ein ypparleg plass å feriere med barn.
– Ungane elskar det, sidan det er så mange ting å finne på her, og me vaksne likar det fordi det er roleg og avslappande. Dessutan har me vore veldig heldige med vêret, så me har fått nytt naturen med mange fine gåturar, seier Eric.

LES OGSÅ: Best i vest på turisme

«Yr-forbannelsen»
Kjersti Haland, marknadssjef på Straand Hotel i Vrådal, seier dei merka ein oppsving i besøkstalet med ein gong finvêret kom i juli.
– Me har ein kapasitet på opp til 310 gjester, og nokre døgn i sommar har det vore heilt fullt. Det er veldig moro. Alt er så mykje greiare med fint vêr, og alle blir i godt humør, seier Haland.
På hotellet har dei trufaste gjester frå heile verda, men kor mange norske gjester som kjem er meir vêravhengig.
– Me har det me kallar «yr-forbanninga». Det er mange som vegrar seg for å planleggje ein tur viss det er meldt ei regnskur. Me som er her ser at det gjerne kan vera knallvêr trass i meldingane, men folk tør ikkje tinge føreåt, seier Haland.
Straand Hotel har også eit lite sommarland med ulike aktivitetar der det er gratis å vera. Haland seier mange vesttelar har nytta seg av dette tilbodet i sommar.
– Me ser at mange frå Vrådal og Kviteseid har glede av sandstranda, leikeplassen og sandvolleyballbanane i finvêret.

LES OGSÅ: Årets høgdepunkt!

Gode besøkstal
Straand Hotel er ikkje aleine om å ha gode tal for sommaren. Mykje sol og fint vêr blir vektlagt som hovudårsak til ein bra sommar så langt for mange verksemder i Vest-Telemark.
– Me har i alle fall dobbelt så mange overnattingar i gjennomsnitt til no i sommar. I fjor sommar hadde me som regel 8–10 campingvogner her, i juli har me lege på oppunder 30 stykkje natta, seier dagleg leiar av Groven Camping i Åmot, Inger Marie Larsen.
– Førsommaren var ikkje bra, og det kjem nok mykje av dårleg vêr og kalde temperaturar, meiner campingplass-leiaren.
Larsen kan fortelje at vêret ikkje berre har noko å seie for besøkstala, men òg for kven som kjem.
– I fjor hadde me til dømes mange fleire nederlendarar her enn i år. I fjor var det mykje dårleg vêr og låge temperaturar, men me hadde veldig mange frå Nederland her likevel. Som regel er dei veldig opptekne av naturen og vil lea seg mykje. Då er ein ikkje like glad for å ha 30 varmegrader, seier Larsen.

LES OGSÅ: – Må ha noko å fortelja frå fjordane

Stor aktivitet i Seljord
På Intersport i Seljord er dei ikkje like glade for finvêret.
– Privat er det klart ein vil ha strålande sol, men som verksemd tener me meir når det er litt variera vêr. Når det er sol og varmt er alle ute og badar, medan folk kanskje treng noko å finne på når det regner. Då handlar dei gjerne litt hjå oss, seier dagleg leiar Svein Moen.
Han seier heile sommarsesongen har vore bra i Seljord dei siste åra, sidan det er mykje som skjer og mange folk i bygda.
– Det er veldig bra for oss at heile bygda tek i eit tak og får ting til å skje. Me har ei mykje betre omsetning no enn det me hadde før. Me ser ikkje den enorme oppgangen under til dømes Countryfestivalen slik som til dømes matbutikkane gjer, men det er alltid nokon som har gløymt jakka si og treng nye sandalar. Seljordfestivalen har eit litt vaksnare publikum som har litt betre tid til å handle, avsluttar Moen.

LES OGSÅ: – Festivalar skapar stoltheit

Blir ikkje rik
Aud Lukassen som driv Meieriet Café i Fyresdal er einig i at ulike arrangement i nærområdet er bra for lokale verksemder.
– Olsokdagane, Telemarkstemnet og all aktiviteten på hotellet har bidrege til at me har fått fleire kundar og me får mange tilbakemeldingar om at det er moro når det skjer så mykje her, seier Lukassen.
Ho fortel at sommaren er høgsesong for verksemda.
– Me er fornøgde så langt, men me blir ikkje rike akkurat. Me må vita kvar me bur, Fyresdal er ein liten kommune, så me må halde føtene godt panta på jorda. Men kundane verkar fornøgde, og då er me fornøgde.

LES OGSÅ: Sterk auke i talet på turistar frå Sør-Korea

Populært øl
På Nærbutikken Nissedal merkar dei at sommarturistane gjer sitt for omsetninga.
– Her kjem det innom både campingturistar, hyttefolk og dagsturistar i tillegg til dei faste kundane våre. Me har om lag 3–4 gonger høgare omsetning i sommar enn det me hadde i vår, seier drivaren Ian Parry-Jones.
Han merkar at turistane etterspør litt andre varer enn nissedølane.
– Me sel ein del lokalprodusert mat som til dømes villsaupølse. Dette er veldig populært hjå turistane. Og så har me eit litt uvanleg ølutval her med øl både frå små bryggjeri i Noreg og ølsortar frå Italia og Spania som ein ikkje får tak i så mange andre stadar. Dette set både turistar og fastbuande stor pris på, fortel Parry-Jones.

LES OGSÅ: Me og dei – på bygda

Spit og kaffi
Også på Spitet garn- og kaffibar på Dalen merkar dei at det litt spesielle er det som tiltrekkjer merksemd frå turistane. På kaffibaren serverar dei mat, men dei sel også barneklede og garn.
– Me sel ein del klede og garn til turistar, og særleg garnet er populært, seier
eigar Tone Heddeslid.
Ho forklarar at alt garnet dei sel er alpakkagarn og at dette ikkje er like vanleg i mange andre land.
– Me har mest nederlendarar og belgiarar som er innom her. Det er nesten ingen nordmenn her på kaffibaren om sommaren. Dei er vel på ferie andre plassar, avsluttar Heddeslid.