Satsar på bølgjekraft

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me har lyst til å få det til ved eit verft på Nordvestlandet, seier gründaren Geir Arne Solheim til avisa Sunnmørsposten

Historie- og norskstudenten har hatt idéen i 15 år. No har han fått starthjelp til prosjektet i form av 4,5 millionar frå Innovasjon Norge og 5,5 millionar frå investeringsselskapet Fjord Invest.

Solheim har verken ingeniørutdanning eller anna teknisk utdanning, men er ikkje skremd av at selskap med større kapital har gitt opp liknande prosjekt. Svenske Vattenfall gav opp testinga av bølgjekraft ved Runde etter at testkraftverket Maren vart rasert av storebåra i 2009, skriv Vikebladet.no.

LES OGSÅ: Satsar på kraft av flo og fjære

Investorar frå Midt-Austen
Solheim sitt selskap, Havkraft AS, har Siemens og Mitsubishi som potensielle samarbeidspartnarar. I tillegg har han kontakt med investorar frå Midt-Austen. Men på dette tidspunktet er det framleis uvisst kva tid eit kommersielt anlegg kan stå klart.

Frå før av har selskapet, basert i Måløy, fire internasjonale patentar på teknologien. I tillegg har dei Runde Miljøsenter i ryggen i arbeidet med bølgjekraftprototypen på naturskjøne Runde.