– Eg likar eigentleg ikkje musikk

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg likar ikkje musikk

– Is it ok if I just jam a little?

Kan ho synge «I just wanna get high»i eit bedehus? Lowell gjer det uansett.

Norske publikummarar vil nok tenkje på Jarle Bernhoft, når ho syng, klappar og lagar andre lydar som ho nyttar i loop i bakgrunnen. Eit one woman show, på Vonheim bedehus.

LES OGSÅ: – Kunstens Messi

Stjernekikkert
50 tilskodarar på Sunnmøre er litt færre enn dei 50.000 ho debuterte for på Roskilde-festivalen ifjor. Her spela ho sin fyrste konsert saman med superbandet Apparatjik. Ifølgje bandmedlem Magne Furuholmen, betre kjend frå A-ha, var dette ei utfordring 21-åringen tok på strak arm.

– Ho er eit skikkeleg kreativt multitalent, som både skriv tekstar, designar cover og lagar musikkvideoane sine sjølv, fortel Furuholmen.

Sjølv har Lowell berre eit ord som beskriver det å arbeide med bassisten frå Coldplay, vokalisten frå Mew, Magne Furuholmen og stjerneprodusent Martin Terefe:

– Rart.

LES OGSÅ: Rosa monster

Blondina
I britisk media har kanadiske Lowell vorte omtala som det neste store og samanlikna med skandinaviske artistar som Lykke Li.

– Det er nok fordi eg er blond og tilbringar mykje tid her. Canada har ein tendens til å ikkje oppdage sine eigne før nokon andre gjer det.

Sjølv høyrer ho ikkje noko særleg på musikk.

– Eg likar eigentleg ikkje musikk, men eg likar å lage det, fortel Lowell.

– Mesteparten av musikken min er vulgær og ikkje familievennleg, seier ho, og siktar mellom anna til låta «I just wanna get high».

Det er dagbok i musikkform, men ifølgje artisten handlar ikkje låta om å bli høg, men om å ville bli det. Det meste av musikken hennar vert inspirert av det ho kallar dramatiske hendingar.

– Kjem du ut for mange dramatiske hendingar?

– Dei fleste kunstnarar tykkjer at alt er dramatisk, så ja, smilar ho.

LES OGSÅ: Stemma til Susanne

Flomfisketur
Magne Furuholmen kjem for å minne ho på fisketuren, noko ein sjølvsagt må ha med seg når ein er på Flø på Sunnmøre.

– Eg er ganske flink å fiske. Ein gong nytta eg ein heil dag for å forsøke å få fisk. Eg ville ikkje skuffe far min med å kome tomhendt heim, så eg var ute til midnatt før eg fekk napp. Då vart eg trist fordi eg hadde drepe fisken. Eg var vel rundt 12 år.

Lowell kjem opphaveleg frå Calgary i Canada. Ein stad som har hatt for mykje vatn i sommar.

– Det må du skrive om, at rundt 150.000 er evakuert i flom i Canada. Det er noko de i Noreg ikkje høyrer om.

Ikkje lenge før ho kom til Noreg  spela ho på ein improvisert balkongkonsert til inntekt for flomofra.

LES OGSÅ: Aldri sei aldri

Kunstscena
No er ho tørrskodd og har fått ei raud campinghytte. Eit luksuriøst artistliv med andre ord. Ho tek seg ein røyk i solveggen, får fyr av ein fyr.

– Tosen takk. Sa eg det riktig?

Det er dei einaste norske orda ho kan, resten høyres hysterisk morosamt ut i dei kanadiske øyrene hennar. Det har vorte ein del konsertar i Noreg allereie, då gjerne på kunstnariske arenaar, som til dømes Astrup Fearnley-museet.

Det er neppe tilfeldig at den kreative artisten har funne seg godt til rette i Europa og prøvar å vere mest mogleg i London.

– Kanadisk kunst er meir opphengt i naturen, medan det er meir geometrisk og moderne her borte, meiner ho.