Beheld bortebuarstipendet

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Nokre studentars misbruk skal ikkje gå ut over det store fleirtalet av studentar som er ærlege, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen i ei pressemelding frå Departementet.

Nyleg melde norske medier at Lånekassen vurderte å kutte bortebuarstipendet på grunn av utstrakt misbruk.

LES OGSÅ: Fleire tener for mykje til å få stipend

Ingen endringar
Kunnskapsministeren avkreftar at det er aktuelt å gjere endringar i dagens støtte til studentar som ikkje bur saman med foreldra sine. Desse har i dag rett til å få deler av utdanningslånet sitt omgjort til stipend etter bestått eksamen.

Lånekassens sin bokontroll synte at 4,5 prosent av dei kontrollerte studentane ikkje kunne dokumentere at dei budde borte i studieåret 2011-2012. Lånekassen kan ha blitt svindla for 72 millioner kroner førre studieår.

– Misbruk av utdanningsstipendet er uakseptabelt og det er viktig at de som gjev uriktige opplysningar for å få stipend vert oppdaga, seier kunnskapsministeren.

LES OGSÅ: – Studielånet er underregulert

Grove tilfelle politimeld
Kunnskapsdepartementet vil vurdere tiltak for å få bukt med problemet. Det er allereie sett i verk informasjonstiltak i Lånekassen der konsekvensane av å misbruke stipendordninga vert tydeleggjort. Studentar som misbruker ordningane kan verte fråteke støtta, miste rett til framtidig støtte, og i ekstra grove tilfelle verte meld til politiet.