Det var i fjor ein liten nedgang i talet på ungdommar som konfirmerte seg i kyrkja. 

NPK
NPK

I fjor var det ein nedgang på 1.370 konfirmantar i Den norske kyrkja frå året før, skriv avisa Dagen.

I 2012 konfirmerte 41.186 seg i kyrkja, mens det året før var 42.556 konfirmantar. Årskulla var på høvesvis 63.536 og 64.557 ungdommar. Tala er samla inn av Statistisk sentralbyrå for kyrkjelydane i Den norske kyrkja.

Skjerpa medvit
– Sjølv om det er liten nedgang, er det grunn til å skjerpe medvettet om konfirmasjon i kyrkja. Det er ikkje sjølvsagt at konfirmantane kjem til oss, seier biskop Halvor Nordhaug i Bjørgvin bispedømme til avisa. 

– Nedgangen på drygt 1.300 konfirmantar (3,2 prosentpoeng) er relativt markant, og fordeler seg på dei fleste bispedømma med Oslo og Tunsberg som dei einaste unntaka, skriv forskarane Sunniva E. Holberg og Ånund Brottveit i Stiftinga Kyrkjeforsking (KIFO) i rapporten sin.

Tunsberg hadde ein auke på 98 konfirmantar sist år, mens veksten var 41 i Oslo. Nedgangen i fjor var størst i Bjørgvin med 406 konfirmantar, mens det var 238 færre i Agder og Telemark. 

LES OGSÅ: To vegar mot vaksenlivet

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.45

LES OGSÅ

ANNONSE