Fleire vitjar Finse
Tidleg snøsmelting på Rallarvegen får turisttala på Finse til å fyka opp i høve til i fjor.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Samla overnattingstal for Finsehytta og Finse 1222 i juni i år var 4309. Til samanlikning var tala i fjor 3857. Finsehytta hadde ein oppgang på 755 gjestedøger og enda på 3216, som er den nest beste juli månad. Berre 2010 var betre. Auken var på 36 prosent.
– Syklistane utgjer det store fleirtalet, men langt fleire går til fots i år, mellom anna over Geiteryggen og ned Aurlandsdalen, fortel styrar Rigmor Sæbø.
LES OGSÅ: Slik skal dei lokke fleire til gards
På Finse 1222 dominerer syklistane. I år hadde dei 1093 gjestedøger, som er om lag som i fjor. Her har dei merka at folk var svært atterhaldne med førehandstinging etter dei store snømengdene som låg i Rallarvegen store deler av juli i fjor.
– Siste del av juli i år har vore god, opplyser bookingansvarleg Magdalena Mayer.
LES SAKA I AVISA HORDALAND!