Finn partiet du bør stemma på!

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Finn partiet ditt!

På valdagen, 9. september, bestemmer du kven som skal styra landet. Men fortvil ikkje om du synest det er vanskeleg å velja kva parti som skal representera deg! Så lenge du veit kva du meiner, kan valgomaten visa kva parti som meiner det same som deg.

PRØV VALGOMATEN!

I partitesten til ABC Nyheter og Framtida.no må du ta stilling til 24 påstandar om alt frå samferdsel, miljø og skule til spørsmål om kommunesamanslåing, tiggeforbod og helse. Etter du har svara på alle spørsmåla, reknar valgomaten ut kva parti som du er mest einig med, og kor einig du er med dei andre partia. Svara er oppgjeve i prosent.

Synleggjer forskjellar
Spørsmåla er valD ut for visa forskjellar mellom partia. Me har teke utgangspunkt i politikken til partia sentralt innanfor område som er aktuelle for stortingsvalet. Me vil samstundes gjera merksam på at enkelte av partia ikkje har vedteke ein politikk for spørsmålet som blir stilt.

Av kapasitetsomsyn har me ikkje tatt med alle listene som stiller til val. Sjå kva lister som stiller til val her!

Prøv andre også!
Ikkje heilt nøgd med resultatet av partitesten vår? Me vil også tilrå å prøva andre valgomatar. Andre valgomatar kan ha vald ut nokre andre spørsmål, og kan ha opna for vekting av spørsmåla. Dette kan difor gje andre resultat. Dess fleire valgomatar du prøver, dess betre innblikk kan du få i korleis meiningane dine samsvarar med meiningane til dei forskjellige partia.

NRK.no har laga denne testen!

TV2.no har laga denne partitesten!

Aftenposten har laga denne partitesten!

Og her finn du Nettavisen sin test!

Etter kvart som andre legg ut valgomatar vil me lenkja til desse!

Og hugs! Ikkje gløym å bruk stemmeretten din – anten på valdagen 9. september (i nokre kommunar er det òg val 8. September) eller om du førehandsstemmer! Her ser du alt du treng vita om kvar du kan få stemma!

Har du synspunkt på valgomaten vår, er det berre til bruka kommentarfeltet under!