Unge røystar meir som andre
Førstegongsveljarane røyster meir i takt med resten av folket enn det som var tilfellet før. At fløypartia SV og Frp har blitt meir like dei andre partia, kan vere noko av forklaringa.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Statistikken er usikker fordi han baserer seg på reine utvalsundersøkingar med forholdsvis få respondentar, men trenden er tydeleg: Unge veljarar går i mindre grad enn tidlegare sine eigne vegar når dei skal røyste.
– Tradisjonelt var skilnadene mellom aldersgruppene større før. No røyster førstegongsveljarane meir som alle andre, seier forskar Jo Saglie ved Institutt for samfunnsforskning til NTB.
Han meiner at trenden truleg vil speglast i stortingsvalet i haust og trur utviklinga har samanheng med karakterendringane til fløypartia.
Fløyene fell
– Tidlegare var tilslutninga til fløypartia langt større blant ungdom enn elles blant folket. Slik er det ikkje i like stor grad lenger. SV har blitt eit ansvarleg regjeringsparti og Framstegspartiet har fått ein mykje breiare profil, seier Saglie.
I boka «Et robust lokaldemokrati – lokalvalget i skyggen av 22. juli 2011» går det fram at SV og Frp fekk høvesvis 5 og 9 prosent av røystene til førstegongsveljarane i utvalsundersøkinga. Det same talet for stortingsvalet i 2009 var 12 og 23. I 2005 hadde SV 15 prosent av førstegongsveljarane bak seg, medan 30 prosent røysta på Frp.
Tilslutninga til Høgre gjekk motsett veg, frå 13 prosent i 2009 til 33 prosent i 2011. Ap blei det nest største partiet med 26 prosent av røystene, medan vesle Venstre kunne notere ei tilslutning på 14 prosent blant respondentane.
– Det er ein svakheit at vi berre har utvalsundersøkingar å halde oss til. At det ikkje finst offisiell statistikk over valdeltaking og røysting etter alder gjer tala usikre, understrekar Saglie.
– Lågare lojalitet
Venstre-leiar Trine Skei Grande gler seg over at partiet hennar får så vidt brei støtte blant dei yngste veljargruppene.
– Vi har ein offensiv og realistisk miljøpolitikk som slår an blant unge veljarar. Dessutan trur eg liberalismen som ideologi fengjer mange, til liks med utdanningspolitikken vår, seier ho til NTB.
Unge Venstre held sommarleir i desse dagar, og leiar Sveinung Rotevatn vil gjerne vinne kampen om dei unge veljarane.
– Vi trur mange unge ynskjer eit regjeringsskifte, ja, mange av førstegongsveljarane hugsar knapt ei anna regjering enn den raudgrøne, seier han.
Forskar Jo Saglie seier det finst indikasjonar i forskinga på at miljøpolitikk, skulepolitikk og internasjonale spørsmål i større grad fengjer ungdom enn andre veljargrupper, men òg dette er usikkert.
– Utslaga er ofte store når vi studerer førstegongsveljarar isolert. Røystinga skiftar oftare i denne gruppa fordi dei unge i mindre grad føler lojalitet til bestemte parti. (©NPK)