Løyser stølsmysterium

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Ei masteroppgåve søkjer svar på kvifor akkurat fjella rundt Sogndal har vore så attraktive for den tidlege stølsdrifta.

– Kjekt å jobba med noko det er så stor interesse for, seier Brita Hope, arkeologistudenten som skal skriva oppgåva.

Unikt

Det er eit ekte mysterium ho skal freista å finna svar på. Eit mysterium som veks for kvar tuft som vert avdekt: kvifor er det så mange førhistoriske stølar akkurat i Sogndal?

I løpet av dei siste åtte-ni åra har Sogndal sogelag, med Kjell Magne Hillestad i spissen, avdekt 245 tufter fordelte på førti stølsanlegg i Sogndal. Dei aller fleste er frå rundt vikingtida, ein del seinare, frå tidleg mellomalder, og nokre heilt få kan daterast tilbake til romartida, 300-400 år etter Kristus. Men det er omfanget som er unikt i landssamanheng.

Registreringar

– Me kjenner ikkje til nokon andre stader der stølsanlegga er så mange og ligg så tett, seier Glenn Heine Orkelbog, arkeolog i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Denne veka var han ute i felten for å gjera registreringar saman med ei gruppe frivillige studentar frå Universitetet i Bergen og representantar frå Sogndal sogelag.

Kjell Magne Hillestad sitt kart er pepra med førhistoriske stølsanlegg og han oppdagar stadig fleire. Difor er det viktig å få teke eit skikkeleg krafttak no. Registreringsstuntet i sommar tek for seg om lag halvparten av dei stølsanlegga som Hillestad veit om og som enno ikkje har vore registrerte.

Studentar i sving

Skippertaket er gjort mogleg gjennom masteroppgåva til Brita Hope. Med seg har ho fått fleire studentkollegaer og ein nyutdanna arkeolog frå Universitetet i Bergen, som har sett av store delar av ferien til å registrera tufter i Sogndal. For arkeologistudenten gjev det eit unikt materiale å jobba vidare med, i eit tema som engasjerer folk.

– Eg er utruleg heldig, samstundes som eg kjenner presset på å levera, seier Hope.

Les meir i Sogn Avis!