Rådmenn negative til borgarleg regjering

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Må kutta med borgarleg styre

Rådmennene rundt om i kommunane her i landet ser ikkje lyst på eit mogleg regjeringsskifte til hausten. Rundt 45 prosent trur kommuneøkonomien i så fall blir dårlegare, viser ei undersøking.

Kommunal Rapport har bedt rådmennene om å vurdere den økonomiske situasjonen i eigen kommune.

I kvar tredje kommune er økonomien dårleg, ifølgje rådmennene. Tre av ti rådmenn gir karakteren ein eller to av seks når dei skal vurdere kommuneøkonomien.

Rådmennene er heller ikkje begeistra for ei mogleg blå regjering etter stortingsvalet i september. Rundt 45 prosent trur kommuneøkonomien blir dårlegare med ei borgarleg regjering, mens to prosent trur han blir betre. (©NPK)