Høgre vil gi pensjonistar lågare skatt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha skattekutt for pensjonistar

– Vi vil redusere skatten for dei som fekk ein skatteauke av regjeringa i 2011, seier Høgre-nestleiar Jan Tore Sanner til Aftenposten.

Den raud-grøne regjeringa endra skattereglane for pensjonistar for to år sidan. Mens seks av ti pensjonistar fekk skattekutt, måtte tre av ti ut med meir i skatt. Totalt gav 2011-endringane eit skattekutt på 1,35 milliardar kroner, viser tal frå Finansdepartementet.

LES OGSÅ: Eldre blir rikare i rekordfart

Høgre lover i eit sjeldan konkret skatteløfte å leggje omtrent 800 millionar kroner på bordet. Sjølv om den rikaste firedelen av pensjonistane til saman vil få ein dryg tredel av det totale kuttet, går ikkje Jan Tore Sanner med på at det er dei rikaste pensjonistane som vil få mest med Høgres modell.

– Eg meiner det er gale å bruke den nemninga. For oss handlar det om at dette var ei unødvendig rekning å sende i 2011. Eg oppfattar at dette bidrar til auka misnøye rundt pensjonsreforma, seier Sanner.

Dei borgarlege partia er likevel ikkje blitt einige om kven som bør få den største letta. (©NPK)

LES OGSÅ: – Ekle, egoistiske bandittar

Kva synest du om forslaget?