– Støtt spela

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har stort hjarte for Fridtjovspelet og fine minner og opplevingar frå Vangsnes frå dei føregåande åra. Eg synest Sogn absolutt bør ha eit spel om Fridtjov og det er litt ekstra no når det er jubileumsår for statuen, seier Agnes Kittelsen, som speler Ingeborg for tredje gong, når spelet går av stabelen Vik i august.

Kjent problem
Det var lenge uklart om «Fiend og Elskar» kunne setjast opp i jubileumsåret grunna finansieringsutfordringar, skriv Sogn Avis.

– Eg tykkjer det er trist om ein ikkje klarte å skrapa saman nok til å få spelet opp og stå. Eg trur ein undervurderer kor mykje det gir eit lokalmiljø, seier skodespelaren som har gjort stor suksess i filmane Max Manus og Kon-Tiki.

LES OGSÅ: Helene tevlar mot Noomi Rapace

Nyleg har ho hatt ei av hovudrollene i Jernbyrden av Gabriel Scott i Lillesand. Der såg ho litt av dei same ut­fordringane.

– Der er same diskusjonane kvart år, om teatera eller kommunane skal støtta opp. Alle er einige om at spel er positivt, spørsmålet er kven som skal betala for det. Ein ser positive effektar på stader med spel, kanskje næringslivet også kan vera med å støtta opp, føreslår ho.

Mange om beinet
Kari Bolstad i Fridtjovspelet seier dei største sponsorane er i boks, men at det kan vera vanskeleg å få bedrifter med på spleiselag.

LES OGSÅ: Er dette Noregs beste førestilling?

– Verksemdene seier det er veldig mange som ringjer og spør om sponsormidlar. Samstundes er det mykje som skjer og dei har allereie sponsa andre. Me er heilt avhengige av at lokalt næringsliv stiller opp, Vik og nærområdet får ein del tilbake gjennom spelet i form av mat- og overnatting til dømes, eg håpar dei ser verdien av at det er noko som skjer i området, seier Bolstad.

Les saka i Sogn Avis!

LES OGSÅ: Heidra for teater som krysser grenser