Homofile i hymens lenker
Homofile og lesbiske kan gifte seg i England og Wales.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er klart etter at underhuset i London i går godkjente eit lovforslag om å tillate samkjønna ekteskap. Lovforslaget “The Marriage Bill” blei godkjent etter ein to timer lang debatt i underhuset, og treng no berre formell godkjenning frå Dronning Elisabeth. Denne er venta å kome fredag 19. juli.
Homofil feiring
Fleire feirar den nye lova. Blant dei gladaste er den engelske organisasjonen Stonewall. På sine vevsider takkar dei no alle representantane som har stemt fram den nye lova, og understrekar at dette er ein historisk augneblink.
– Det er umogleg å uttrykke kor stor glede denne historiske hendinga vil gje til ti tusenar av homofile menneske, deira familiar og vener. Framdrifta lovforslaget har hatt i parlamentet syner at majoriteten, i det minste, av politikarane i begge husa deler det ålmenne ønsket om likestilling. Samstundes har prosessen minna oss om at homofile framleis har mektige motstandarar, seier Ben Summerskill, leiaren av Stonewall, på deira vevsider.
No står Skottland for tur for dei homofile.
– Kampanjen held fram på nordsida av grensa. Vi vil fordoble innsatsen i Skottland så kvar ein homofil person i Storbritannia snart kan nyte full likestilling.
Handlar om meir enn ekteskap
Maria Miller, kulturminister for det konservative partiet, meiner òg den nye lova er eit viktig steg framover.
– Dette lovforslaget ber kanskje namnet “ekteskap”, med det handlar om fridom og respekt, seier ho til Huffington Post.
Miller understreker at samstundes at fridomen og respekten òg må gjelde for dei som er i mot samkjønna ekteskap.
– Fridom til å gifte seg uavhengig av seksualitet og kjønn, men også fridom til å tru at ekteskapet er til for ei kvinne og ein mann, og fridom til å ikkje bli marginalisert, seier ho.
Mange kritiske
For sjølv om mange feirar den nye lova, er det mange som er svært skuffa over Cameron og dei andre konservative som har støtta lovforslaget.
Blant dei mektigaste motstandarane er “Coalition for Marriage”, ein britisk paraplyorganisasjon som arbeider mot samkjønna ekteskap. Dei hadde samla nesten 670 000 underskrifter mot det nye lovforslaget, og hadde støtte frå fleire konservative parlamentsmedlemmar. Det var likevel til liten nytte, då lova tysdag blei godkjent utan større endringar av underhuset.