Nokre nordmenn slepp billegare unna ferietjuvane enn andre.

Terje Eggum/Sogn Avis
Terje Eggum/Sogn Avis

Sogningar og fjordingar på utenlandsferie går ikkje rundt og engstar seg. Samstundes tilhøyrer dei også den gruppa ferierande som er minst utsette for tjuveri i utlandet, skriv Sogn Avis.

70 prosent opp
Det går fram av ei fersk gransking gjort av Ipsos MMI for Gjensidige. Informasjonsansvarleg Arne Voll i forsikringsselskapet konstaterer at innkomne erstatningskrav etter tjuveri på reise auka med over 70 prosent i fjor.

LES OGSÅ: Største kulturfestival for ungdom

Stadig fleire opplever såleis å bli fråstolne verdisaker undervegs. I 2012 fekk Gjensidige rapportert inn 6000 krav etter tjuveri på utenlandsturar, som er 2500 fleire enn året før.

Oslofolket
– Berre ti prosent av dei spurde frå Sogn og Fjordane svarer at dei har opplevd tjuveri på reise i utlandet, seier Arne Voll, og slår fast at dette er klart lågast når ein ser heile landet under eitt.

Med basis i alle fylka går det fram at atten prosent har opplevd ferietjuveri. Mest utsette for å bli letta for verdisaker i utlandet er folk frå Oslo. I hovudstaden seier 29 prosent at dei har opplevd å bli offer for tjuveri på reise i utlandet.

LES OGSÅ: Sommarjobb: Syden-testar

Ottast minst
Di mindre ein blir utsett for tjuveri, di mindre grunnlag er det også for å ottast trugsmålet om å bli fråstolen verdisaker. Følgjeleg kan forsikringsselskapet også konstatera at innbyggjarane i Sogn og Fjordane, i selskap med dei som bur i Hedmark, er dei som ottast minst for ferietjuveri.

Men Arne Voll er oppteken av å medverka til at folk flest blir meir skjerpa på ferietjuveri.

– Varsemd løner seg alltid, seier han, og minner om at det er lite som skal til.

– Me må hugsa at nordmenn er utsette, seier han, og veit at informerte kriminelle speider etter norske bilnummer i utlandet.

– Folk frå Sogn og Fjordane er oppmerksame og skjerpa, det er bra, men ti prosent er mange nok, seier Arne Voll.

LES OGSÅ: Med elva som livsstil

Attraktive
Han meiner me burde tenkja litt meir over det faktum at me, som nordmenn, er tjuvane sin favoritt. – Med sekken full av kostbar elektronikk er nordmenn attraktive mål, seier han, og minner oss på det viktigaste av alt, reiseforsikring.

– Men la aldri bagasje stå utan tilsyn, seier han, og hald eit auge med solbriller, jakker, lommebok, småvesker, nettbrett og kamera.

LES OGSÅ: Sommarferie på laboratoriet

Les saka i Sogn Avis!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.45

LES OGSÅ

ANNONSE