Reykjavik vil avslutte vennskapet med Moskva etter homofiendtleg lov. 

I juni vedtok den russiske nasjonalforsamlinga eit lovforslag som kriminaliserer positiv omtale av homofili overfor mindreårige.

LES OGSÅ: Homofile får dårlegare løn

Forbodet gjeld positiv omtale i media, i andre offentlege samanhengar, og i møte og arrangement i regi av organsiasjonar som fremjar rettane til homofile, lesbiske, bifile og transpersonar (LHBT). Seinare same månad vedtok nasjonalforsamlinga ei ny lov, som forbyr adopsjon til homofile.

LES OGSÅ: – Valet er mitt

Etter innskrenkingane i russisk lovgjeving, har borgarmeisteren i Reykjavik, Jón Gnarr, varsla at han vil endre eller bryte dei offisielle og kulturelle relasjonane med Moskva, melder Visir.is.

Dei to hovudstadane vart systerbyar i 2007. I ei uttaling kjem myndigheitene i Reykjavik med forslag om å endre eller gjere slutt på samarbeidet med Moskva, i ljos av utviklinga knytt til situasjonen for LHBT-personar.

Førre månad protesterte organisasjonen National Queer Organization (Samtökin ’78) mot propagandalova i Russland. Organisasjonen protesterte framføre den russiske ambassaden i Reykjavik.

LES OGSÅ: Skeiv litteratur til folket!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.45

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE