Åleine heime

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Are Kalvø: Åleine heime

 

Eg unnar alle ferie, sjølvsagt. Ferie er ein fin ting. Folk flest fortener å få komme seg vekk frå jobb, kvardag og sommarintervju med Karl Ove Knausgård som fortel at viss det var opp til han, så skulle han gjerne ha sloppe å vere så utrulig populær og anerkjent.

Men det er ei gruppe folk eg unnar ein ferie meir enn andre. Det er sommarpolitikarane. Dei har mi djupaste medkjensle, kvar sommar. Kvar sommar er det slik at desto varmare det blir, desto færre politikarar er på jobb i kvart parti. Til slutt er det berre ein igjen som ikkje er på ferie i partiet. Og vedkommande må uttale seg på vegner av partiet sitt i absolutt alle spørsmål som måtte komme opp i denne perioden. Vedkommande er med i tredjekvar diskusjon i Dagsnytt Atten og samtlige dagsrevyar. Vedkommande uttaler seg med forsøksvis tyngd om partiets syn på ostetoll, kroppspress på musikkfestivalar på Sørlandet, aldersgrenser på musikkfestivalar på Sørlandet, overvaking i USA, varslarar og asylsøknader, den eventuelle framtida til treforedlingsindustrien, kva parti på Stortinget som er mest homofiendtlig, kor mykje kronprinsparets førtiårsfeiring bør koste, publikumssvikt i fotballcupen, maktskiftet i Egypt.

Og det som verre er. For sommaren er også høgtid for dei politikarane som ikkje kjem så mykje til orde resten av året. Dei nyttar gjerne høvet når dei største politikarane er på hytta. Då grip dei sjansen og får merksemd for kjernesakene sine i media.

Og desse kjernesakene kan vere skikkelig sære. For å seie det slik: Det er ein grunn til at desse politikarane ikkje får så mykje merksemd resten av året. Om sommaren får dei det. Og dei stakkars politikarane som er åleine igjen i partia sine må svare, og hoste opp meiningar om sauehald i Sogn og Fjordane, uheldig kjendisfokus på diktfestivalar, sviktande oppslutning om dei største instrumenta i korpsrørsla.

Og det som verre er. Og der sitt han, sommarpolitikaren, og uttaler seg, heilt åleine, på vegner av sitt parti. Om diktfestivalar, varslarar, narkotika, homofiendtligheit, sau, treforedling og ost. Det finst ikkje eit menneske i verda som meiner noko om alt dette. Men sommarpolitikaren må late som, og det må verke som om han er like opptatt av alt. Han kan ikkje sitte der og verke nedlatande. Han kan ikkje sitte der og gjespe. Han er partiet i ei veke. Han representerer. Han må oppføre seg. Han må vise at partiet hans er eit ordentlig parti som har ein politikk for alt. Og kven veit, viss han gjer ein god figur den eine veka han er åleine i partiet i sommar, så kan det hende han rykker opp, får eit gjævare partiverv, og blir ein av dei ordentlige politikarane som får reise på hytta i juli neste år.

Det som gjer at eg kjenner ein spesiell medynk med desse åleinepolitikarane, er at dei gjerne er litt sommarlig kledde. Kanskje fordi partiet har bestemt seg for at det er fint å verke litt avslappa om sommaren, som vanlige menneske. Eller kanskje rett og slett fordi det er litt varmt ute. Så der sitt dei, og uttaler seg med forsøksvis overtyding om partiets syn i saker dei sannsynligvis eigentlig ikkje bryr seg om. I t-skjorte. Eller med ein knapp eller to open. Litt uryddig på håret. Og dette gjer det berre endå verre. For ikkje berre må dei sitte der og late som om dei bryr seg om alt mulig. I tillegg viser klesdrakta at dei eigentlig vil på ferie. At dei kanskje til og med er på veg på ferie. Familien sitt klar i bilen utanfor, med motoren i gang. Der politikaren sitt i studio og debatterer, er det så du kan ane at det er ein flybillett der i brystlomma. Og er det eigentlig notatane sine politikaren gløttar ned på? Eller sjekkar han yr? Eller les han grilloppskrifter?

Dei må få sleppe no. Dei også.

Så derfor, sommarpolitikarar: Dra no. Dra! Familien ventar.

Ikkje tenkt på oss. Vi klarer oss godt utan dykk.


Først publisert i Aftenposten.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!