Speidarrørsla veks att

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Søndag vert speidarlandsleiren, som har hatt 10.000 deltakarar, avslutta.

Sidan toppen med opp mot 19.000 deltakarar på slutten av 1980-talet, har det gått jamt nedover med deltakinga på landsleiren. I 2009 var det berre drygt 7.000 med på landsleiren i Åndalsnes.

– Etter mange år med nedgang i medlemstala har det snudd til ein svak oppgang dei siste åra, seier pressesjef for landsleiren i Stavanger, Geir Gjervan, til NTB.

LES OGSÅ: Radiorevelje på speidarleir

Han peiker på speidarrørsla som ein motpol til prestasjons- og vaksenstyrte aktivitetar.

– Speidinga står nok for ein del andre verdiar enn mange andre aktivitetar som i dag er vaksenstyrte og prestasjonsstyrte. Speiding er basert på tanken om at barn skal leie kvarandre, og vi meiner det er viktig å ta vare på dette i det moderne samfunnet, seier Gjervan.

Onsdag vart fire speidarar på leiren meldt sakna då dei gjekk seg vekk i samband med ein patruljehaik. Barna, som var i alderen 12 til 15 år, varsla om at dei var blaute og kalde, men gjorde alt rett når det først gjekk litt gale, ifølgje Gjervan.

– Dei gjorde alt det speidarar skal gjere i ein slik situasjon, og vart funne i godt hald. Dei fekk seg nokre nyttige erfaringar som dei tek med seg vidare, seier han. (©NPK)

Sjå video frå landsleiren under:

Sjå fleire videoar frå landsleiren her!