Sensitivt stoff på skrivemaskiner

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Spionar får skrivemaskiner

I Noreg er mykje som før vart manuelt registrert – som pasientjournalar – framleis på veg til å verte heilelektronisk. Russland derimot, går opp gamle stiar for å lure hackerar: Dei går attende til klassiske skrivemaskiner.

Vladimir Putin si hemmelege etterretningsteneste Federalnaja sluzjba bezopasnosti (FSB)har bestilt inn hundrevis av blekkband til dei klassiske skrivemaskinene Triumph Adler Twen 180 og Olympia Comfort models, skriv tyske The Local.

LES OGSÅ: Vil tilby bachelor i etterretning

Elektriske skrivemaskiner
I tillegg til påfyll til gamle skrivemaskiner bekreftar fabrikanten Olympia at russiske firma nyleg bestilte 20 nye elektriske skrivemaskiner.

Den russiske avisa Iswestija skriv at spesielt sensitive dokument ikkje lenger vert lagra elektronisk, men berre i ein papirversjon, fordi det er tryggare.

Tidlegare leiar av den etterretningstenesta FSB, Nikolai Kowaljow, seier at òg det russiske forsvarsdepartementet og innanriksdepartementet lagrar mindre informasjon elektronisk. I tillegg har det vorte meir populært å skrive ting for hand, ifølgje Kowaljow.

WikiLeaks og dei nyaste avsløringane frå Edward Snowden skal vere nokre av grunnane til at russarane no vil produsere fleire av sine hemmelege dokument direkte på papir, ifølgje The Global Post. Innanriksdepartementet har òg byrja å lagra mindre informasjon elektronisk. I tillegg har det vorte meir populært å skrive ting for hand, ifølgje Kowaljow.