Ingen pengar til 22. juli-tiltak
Helsedirektoratet ba om 17,7 millionar til tiltak for å betre kriseberedskapen i helsevesenet. I 2013 er det ikkje sett av ei krone til dette.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Regjeringa har ikkje sett av nokon midlar i revidert nasjonalbudsjett til å innføra tiltak som Helsedirektoratet har rådd til etter terrorangrepa 22. juli. Det var Helse- og omsorgsdepartementet som bad direktoratet koma med forslag til tiltak og forbetringar etter at terrorangrepa på Utøya og mot Regjeringskvartalet avslørte store manglar i kriseberedskapen i norsk helsevesen, skriv Aftenposten.
Helsedirektoratet bad om 17,7 millionar kroner for 2013 for å setja i verk tiltaka, men det er ikkje løyvd éi einaste krone, skriv avisa. Konsekvensen er at dei tilrådde tiltakene blir utsett eller skore kraftig ned.
– Dette er nok eit døme på at gjennomføringskrafta til regjeringa er altfor dårleg, seier KrF-leiar Knut Arild Hareide. Han var også leiar for Stortingets 22. juli-komité.
Råkar opplæring og øving
Dei manglande løyvingane fører til at fleire øvingar i terrorberedskap blir kutta og at spesialkurs for psykologar i behandling av barn og unge med posttraumatisk stress blir halvert. Også opplæring og kursing i pasientsortering på skadestad blir utsett.
For å likevel kunne gjennomføra flest mogleg av tiltaka, har Helsedirektoratet omdisponert dei eigne midlane sine, noko som igjen går ut over andre område under ansvarsområdet til direktoratet.
– Det var difor vi ønskte oss ei eiga løyving, seier helsedirektør Bjørn Guldvog.
Helse- om omsorgsdepartementet har ikkje hatt høve til å kommentera saka på grunn av ferieavvikling, skriv Aftenposten.