Topplaus-protest i moské

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Medlemmar av protestgruppa Femen demonstrerte i ein moské i Stocholm førre laurdag, melder IceNews.

Aktivistane frå den Ukraina-baserte gruppa var kledde i burka då dei kom til moskeen. Då dei var innanfor kledde dei av seg og blotta overkroppen. Den eine aktivisten hadde måla «ingen Sharia i Egypt» på kroppen, medan ein annan hadde måla «min kropp er min, ikkje nokon si ære».

LES OGSÅ: Politisk grønvasking

Forutan nokre tilsette og og journalistar som på førehand var informert om gruppa sine intensjonar, var moskeen tom. Dei tilsette, som sa dei hadde blitt pressa av aktivistane, ringte politiet, som kom til staden og arresterte gruppa for forstyrrande adferd. Medan dei vart ført vekk, ropte Femen-medlemmane slagord som «ingen Sharia, ingen undertrykking»og «frigjer kvinner».

Gruppa er aktiv i fleire land. Førre vekk kledde fire Femen-medlemmar av seg i Brussel, og klatra opp på den tunisiske statsministeren sin bil. Dei protesterte mot at fire av gruppa sine medlemmar var fengsla i den tunisiske hovudstaden. Tre av desse kvinnene har sidan blitt dømt til fire månader i fengsel. Andre Femen-aktivistar har gjort liknande demonstrasjonar i andre land, som Frankrike og Tyskland.

LES OGSÅ: Brasiliansk ungdom vil endre landet