Radiorevelje på landsleir

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jenta var litt nervøs for om guten i det heile teke ville kome, men han kom og hadde pynta seg med nye klede og hårgele. Ein speidar frå Bøler og ein frå Ørje. Radiosjef Eddie Ingebrigtsen var bak opptakaren. På menyen stod hamburgar og brus og stemninga var god. Daten vart avslutta i det høgaste bygget i leiren, eit 27 meter høgt byggverk utan ein spikar.

– Det var ei jente som hadde sikla på ein gut i speidarane sin sportsbutikk. Eg introduserte dei og spurde om det var greitt at eg laga reportasje frå ein date, dersom Radio Rotor betalte, fortel radiosjef Eddie Ingebrigtsen, som skryt av dei sporty speidarane.

LES OGSÅ: Supre, sære og ganske like

Speidarar på ruta
Noregs speidarforbund sin landsleir i Stavangerhar Radio Rotorsendingar heile døgnet frå 6. – 13. juli. «Morgenpatruljen» opnar klokka 06.00, før «Rovertinget» rundar det av ved midnatt. 18 timar med radio skal fyllast, før nattmusikken tek over.

Ifølgje radiosjefen er det ingen kunst å lage radio når ivrige speidarar bankar på ruta deira i glasburet med platting ovanfor.

Camilla Næsje (17), frå troppen 1. Jeløy, har vore offisiell speidar i tolv år. Ho er eit såkalla leiarborn, som har vore med foreldra på speidarleir sidan ho var lita. I år er ho programleiar i «Hallo i leiren»og «Dagens fugl», som er oppkalla etter konkurransen deira der ein gjettar på fuglekvitter.

– Eg hadde aldri trudd at det var så mykje arbeid med radio, fortel den ferske verten.

LES OGSÅ: Mot verdsrekord på vaffeldagen

Leirkjærastar
Arbeidsdagen går vanlegvis frå 10.00-19.00, med pausar innimellom. Men det er moro arbeid, spesielt artig er det når dei får spleise folk.

– I dag fekk me ein lapp der det stod «Brian needs a date». Han er ein 24 år gammal danske og det er tilfeldigvis ei dame i kafeen som òg treng ein date, så dei skal på blinddate, fortel Næsje.

Ho forklarar at for speidarar er leirkjærast eit populært konsept, det oppstår når ein lever ekstremt tett på andre speidarar over ein kort periode. Ikkje alle tør å ta mot til seg i byrjinga av leiren, så kanskje kan radiosendte blinddatar vere vegen å gå.

Denne veka er Radio Rotor ein av Noregs største lokalradioar, med ei potensiell lyttarflate på 450 000 menneske på kanal FM 107,7. I tillegg er sendingane tilgjengelege på Internett, og gratis trådlaust nett er sjølvsagt på dagens speidarleir. Leiren har sjølvsagt òg sitt eige magasin, Impress Magazine, inspirert av leirmottoet: «Ganske imponerande».

Saka fortset under biletet.


SPORTY: Speidarane Therese og Anders stilte opp på radiosendt date. Foto: Eddie Ingebrigtsen

LES OGSÅ: Lokkar fleire med friluftsliv

Grundig forarbeid
Det har vore radio på tidlegare landsleirar og, men aldri før har deltakarane vorte så bada i radiobølgjer.

– Tidlegare år har det vore nokre speidarar som har teke fire-fem timar med sendingar på sparket med eit lite miksebord og ein mikrofon, fortel Ingebrigtsen.

Til samanlikning har 35 speidarreporterar mellom 16 og 35 år førebudd seg til sendingane på årets landsleir i halvtanna år. Dei har mellom anna fått kurs i teknikk, korleis ein snakkar på radio og korleis ein vinklar ei radiosak, hjå NRK. Under NM i speiding 7.- 9. juni hadde dei prøvesendingar. Sendeplanen og programma er planlagt god tid i førevegen. Etter ei veke med sendingar vert det fire år til neste gong.

LES OGSÅ: Ny leiar for 500.000 born og unge

«Preikestolen»
Radio Rotor har vorte ein del av den daglege rutina til dei 10 000 speidarane og 3000 leiarane, som teltar på Madla i Stavanger. Sendingane går over høgtalarar på leirområdet og i kafeane. Reveljen klokka 7.00, som før vart spela av ein einsleg speidar på blåseinstrument, vert no radiosendt.

I tillegg til Camilla Næsja, kan radioen by på program som «Preikestolen»og «Madlapatruljen», radioteater og intervju med gamle speidarar. Kvar time er det nyheitsoppdateringar. Her har nyheitsredaksjonen opplevd dramatikk, så seint som i går kveld vart fire speidarar på haik meldt sakna.

– Me prøver å ikkje skape frykt eller helle bensin på bålet, men me meldte det på radioen. Me fortalde kva som hadde skjedd, om politiets leiteaksjon og kva tiltak Rovernes beredskapsgruppe hadde, fortel Ingebrigtsen.

Det er ikkje fyrste gong speidarar har forsvunne på haik. Dei fire kom til rette onsdag morgon, våte og kalde, men i god behold.

Opningsshowet er allereie dekka, og det er enda nokre dagar til avslutningshowet. I mellomtida kan speidarar frå heile landet nyte radiosendingar og Hanne Sørvaag sin offisielle leirsang, «We got what it takes», medan dei flørtar, haikar og knyt speidarknutar.


Fire semitrailerlass med tømmer gjekk med til det 27 meter høge tårnet. Foto: Sjur Hamre