Vinnaren av Bygdalarm-konkurransen bytte ut toast med hellekaker.

Med si tolking av Joni Mitchells Chelsea Morning, vann Eli Bjørhusdal gjendiktingskonkurransen under Bygdalarm.

Byte ut toast med hellekaker
Konkurransen er eit samarbeid mellom festivalen Bygdalarm, Kvam Mållag og Kunsthuset Kabuso. I år skulle deltakarane bryne seg på Joni Mitchell sine tekstar, og Bjørhusdal imponerte med sin lyriske kreativitet, skriv Sogn Avis.

LES OGSÅ: Mitchell og meg

33 bidrag hadde komme inn, men ein samla jury peika ut Bjørhusdal si “Sognamorgon” som vinnaren. I grunngjevinga la juryen særleg vekt på kor godt stemninga var overført frå Mitchells storbyskildring, til Bjørhusdals hyllest til Sogn. Det gjennomtenkte ordvalet og det fine med å bruke hellekaker og espresso i staden for milk, toast and honey, vart óg løfta fram, heiter det på Bygdalarm sine nettsider.

– Joni Mitchell skriv nydelege tekstar, så det var kjekt å vinne med min versjon av hennar tekstar, seier Bjørhusdal nøgd til Nrk.

Her kan du lese Bjørhusdal si Mitchell-tolking:                       

Sognamorgon (Chelsea Morning)

Stod opp, det var ein sognamorgon,

og det fyrste eg vart vâr

var ein tone utfor glaset,

der i lufti still og klar

kom han ringlande frå storbreen,

frå gjøl og over rindar

Å kan du bli

Lat dagen vår gli

Natti kjem med austavindar

Stod opp, det var ein sognamorgon,

og det fyrste som eg såg

var ei sol nett bak gardina,

og ein regnboge som låg

over bleik tapet med fargespel,

purpur, koboltblått og sitrus

Å kan du bli

Lat dagen vår gli

Kvart sekund er sol og sirkus

Og gardina opnar seg og gjev eit dagsportrett:

I kvar bjørkekrull er grøne rom

Ein jonsokblom

Ein sommar som

ventar på å bli sett

Stod opp, det var ein sognamorgon,

og det fyrste eg forsto

var at hellekaker venta, og espresso heit som glo

Eplesyltety og rømme skein

i gull med morgonsoli

Å kan du bli

Lat dagen vår gli

Me skal bruka verb i notid

Når gardina dreg seg att og regnbogen forsvinn

skal eg gje deg ljos om det er natt

og dagen att

og sommar att

om du kan vera min

Fine guten, kan du

stå opp i ein sognamorgon?

Tolkinga er publisert i Sogn Avis.

LES OGSÅ: Styr unna denne mannen

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.45
ANNONSE