Frå hausten opprettar UDI 600 nye mottaksplassar.

NPK-NTB
NPK-NTB

Utlendingsdirektoratet (UDI) opprettar frå hausten 600 nye mottaksplassar på fire nye asylmottak.

Dei nye mottaka skal etablerast i Skien, Kongsvinger, Årdal og Hattfjelldal, alle med 150 plassar kvar. UDI har inngått kontraktar for til saman 600 nye asylplassar, som etter planen skal stå klare i perioden mellom 1. august og 1. september.

LES OGSÅ: Unge på flukt blir fanga av byråkratiet

Fram til 1. juli har det, ifølgje UDI, hittil i år komme 4.968 asylsøkjarar til Noreg. Aller flest søkarar, 952, kjem frå Somalia. Frå Eritrea kom det 779, mens det kom 361 søkarar frå Afghanistan, 328 søkarar frå Sudan, 326 søkarar frå Nigeria og 263 asylsøkarar frå Syria.

I alt 433 av asylsøkarane er einslege mindreårige under 18 år.

I fjor kom det til saman 9.800 asylsøkarar til Noreg. Det var ein auke på 8 prosent frå 2011. Prognosen for heile 2013 ligg på drygt 10.000 asylsøkarar.

LES OGSÅ: Til veggs om asylborn

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.45

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE