Lukkeleg av pizzateikning

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Trøysteeting vert gjerne ein vond sirkel. Men du treng ikkje ete favorittmaten din, for å verte glad, kanskje kan det vere nok berre å teikne han.

Chilli og cupcakes

Amerikanske forskarar ved St. Bonaventure University i New York fekk 61 personar til å teikne ulike fire ulike typar mat: pizza, muffins, jordbær og chilipepar.

Pizzateiknarane fekk den største oppsvingen i humøret. Rett bak kom amerikanske cupcakes, eller muffins, som auka humøret til teiknaren med 27 prosent. Jordbær auka humøret med 22 prosent.

Å teikne ein chilipepar auka berre humøret til teiknaren med 1 prosent, syner forskinga, som er publisert i forskingstidsskriftet Journal of Behavioral and Brain Science. 

Ikkje samanheng med diett

Forskarane fann ingen samanheng mellom resultata og dietten deltakarane hadde. Dei gav òg alle teiknarane dei same fargane, for at dette ikkje skulle påverke resultatet.

Alle forskingsobjekta teikna maten på tom mage. Sjølv om humøret vart positivt påverka, hadde teikningane ingen effekt på svoltkjensla.