Kva er ei god bokopning?

Tre som arbeider med litteratur fortel kva dei meiner er den ideelle starten på eit lesareventyr.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

American Book Review  har kåra dei 100 beste anslaga i bøker.  Toppen på lista er henta frå klassikaren Moby Dick (1851) av Herman Melville. «Kall meg Ishmael», er tidenes beste bokopning, ifølgje det amerikanske litteraturtidsskriftet. 

Lista er klassikartung, med mellom anna Leo Tolstojs Anna Karenina, 1984 av George Orwell, Stolthet og fordom av Jane Austen, samt forfattarar som James Joyce, Franz Kafka, J.D Salinger, William Faulkner, Paul Auster og Charles Dickens.

Svolten forfattar
Forfattar og lærar ved skrivekunstakademiet Rolf Enger meiner at gode opningar har mykje med magekjensla å gjere. Sjølv føretrekk han in medias res-opningar, der han vert teken rett inn i situasjonen. 

Den absolutte favorittopninga er «Sult» (1890) av vår eigen Knut Hamsun:

– Det er noko med logikken og livssituasjonen som kjem fram i eit lyrisk språk og gjer at eg vert suge inn i språket, handlinga og personen, fortel Enger. Som novelleforfattar er han vand med å byrje tekstar, og ofte byrjar han å skrive i ein anna ende enn byrjinga.

– Somme tider må ein ha forstått kva som er kjernen og tematikken i forteljinga, før ein veit kva som er den beste starten.

LES OGSÅ: Skeiv litteratur til folket!

På kroken
Enger meiner at lesaren helst bør hektast på kroken etter tre til ti sider, men kor lenge ein lesar heng med vil sjølvsagt variere. Ein ting er sikkert, det er ikkje nok å ha ei god opning:

– Mange startar bra, men så går dei tom for bensin etter ein kilometer. Ein kan skrive på inspirasjon til å byrje med, det er når ein må tenkje heilskap at det vert vanskeleg, meiner Enger.

– Nokre gonger tenkjer eg at opninga er litt overvurdert, seier Hilde Slåtto, litteraturvitar og tilsett i Foreininga !les, som skal fremje leseglede hjå unge.

Òg ho dreg fram de norske klassikaren «Sult», som sin favoritt:
«Det var i den tid jeg gikk omkring og sultet i Kristiania, denne forunderlige by som ingen forlater før han har fått merker av den,» opnar Hamsun med i den delvis sjølvbiografiske romanen. Slåtto meiner at Hamsun, saman med Tolstoj, evnar å seie noko komprimert om heile romanen allereie i anslaget. 

LES OGSÅ: Skriv for dei som ikkje vil lese

Kjensla sit
Ifølgje Hilde Slåtto er det to ulike måtar ein kan skape ei god opning på – anten ved å komprimere heile essensen av romanen inn i byrjinga, eller ved å skape eit mysterium og ei forventning om kva som skal skje framover.

Homeiner at klassikarane vil fortsette å dominere slike kåringar framover, nettopp fordi dei har fått den statusen dei har fått. 

– Dei fleste opningar hugsar ein jo ikkje ordrett, ein hugsar gjerne berre kjensla og stemninga, som er meir uhandgripeleg.

Ho peikar på at mange av innslaga på den amerikanske kåringa har fått ein plass der fordi dei evnar å seie noko om ein epoke i historia, og er viktige for den amerikanske sjølvkjensla.

– Det er til dømes ikkje så mange nordmenn som har lese Moby Dick, ifølgje Slåtto.

LES OGSÅ: Hardkokte favorittar

Gamle og nye
Opninga av «Don Quixote» (1605) er det eldste verket på lista, medan det nyaste litterære verket som har fått plass er «Middlesex» (2002) av Jeffrey Eugenides.

Forfattar Lars Petter Sveen er meir moderne i sine opningspreferansar. Han nemner «American Psycho» (1991) av Bret Easton Ellis, saman med mellom andre Kjartan Fløgstad si opning i Brennbart (2004).

– Når eg skriv ei opning tenkjer eg at det er det fyrste lesaren skal lese, det er det fyrste biletet og då må det stemme, seier Sveen, som òg arbeider i Foreininga !les.

Han samanliknar opninga i ei bok med opningsscena i ein film. Her trekker han fram opningsscenene i «Apokalypse nå!» av Francis Ford Coppola og Joachim Trier sin «Oslo 31. august», som personlege favorittar.

– Eg tenkjer ofte at ei god opning kan stå i vegen for ei god bok. Det aller beste er når opninga verkar enkel, men seinare syner seg å fortelje noko sentralt om historia, meiner Sveen.