Kan ta fadderlappen

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I laupet av sommaren kan fadrar ved UiB ta «lappen» i å vere fadder.

For første gong skal UiB kurse studentleiarane som skal ta imot dei nybakte studentane, melder Universitetet på sine nettsider.

I laupet av eit heildagsseminar vert fadrane trena i alt frå mediehandsaming til førstehjelp.

LES OGSÅ: Uroleg for framtida til universiteta

– Vi tykkjer det er viktig å ha eit tilrettelagt kurstilbod for å gjere fadrane meir medvitne på rolla som ventar dei, seier viserektor for utdanning Kuvvet Atakan til UiB.

Tidlegare fadderleiarar, rusekspertar og medierådgjevarar er blant kurshaldarane. I tillegg til tryggleik og førstehjelp, står integrasjon på agendaen.

Tidlegare fadderleiar ved Samfunnsvitskapleg fakultet, Eva M. Berntsen, trur fadderkursa kan medverke til å dempe uheldig festing.

LES OGSÅ: Den arabiske hausten

– Studentleiarane vert klar over at det å vere fadder faktisk er ei ordentleg rolle, og ei viktig rolle. Dei skjøner at mykje fyll ikkje berre er negativt for universitetet sitt omdøme, men også kan skade fadderborna, seier ho.