106 asylbarn er forsvunne
Sidan juni i fjor er 106 barn melde sakna frå asylmottak i Noreg. Redd Barna fryktar at mange er offer for menneskehandel.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
På fire år har totalt 237 barn forsvunne frå asylmottaka. Dei har reist åleine til Noreg for å søkje om asyl og blir plasserte på mottaka mens dei ventar på å komme til intervju hos Utlendingsdirektoratet (UDI) og til alderstesting. Men dei forsvinn før dei kjem så langt, skriv Dagbladet.
– Viss eit norsk barn forsvinn, er alle apparat på plass, og det blir sett i gang store leiteaksjonar. Slik er det ikkje når eit asylbarn blir borte, seier Thale Skybak i Redd Barna.
Organisasjonen fryktar at mange av dei sakna er offer for menneskehandel. Berre i 2011 registrerte koordineringseininga for offer for menneskehandel i Redd Barna (Kom) 274 moglege offer, 65 av dei var barn.
Problemet er at ingen har hovudansvaret for å følgje opp dei mindreårige asylsøkjarane som forsvinn. Det er opp til politiet å etterforske slike saker, ettersom UDI berre har ansvaret for dei over 15 år, skriv avisa.