Vanskeleg busituasjon gir dårleg studiekvalitet

Halvparten av studentane som må ut på den private leigemarknaden for å finne bustad opplever at busituasjonen verkar inn på studia. 

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gir dårlegare studiekvalitet

Ei undersøking gjort av Sentio Research for Norsk Studentorganisasjon (NSO) og Samskipnadsrådet syner at 51 prosent opplevde at busituasjonen i svært stor eller i nokon grad gjekk ut over studiekvaliteten frå studiestart.

– Til hausten skal 50.000 nye studentar ut på leigemarknaden. Studiekvaliteten til halvparten av desse kjem til å verte dårlegare på grunn av ein vanskeleg busituasjon, seier leiar Ola Magnusson Rydje i NSO. Organisasjonen meiner det må byggjast fleire studentbustader for at færre skal måtte leige på den private marknaden.

LES OGSÅ: Stadig fleire eg for å leige ut

– Det er uakseptabelt at mangelen på bustad går ut over studiekvaliteten, seier Rydje. NSO meiner at det bør byggjast minst 3.000 studentbustader i året, at den statlege tilskotsdelen må aukast til 50 prosent, og at kostnadsramma for bygging må aukast med 150.000 kroner per hybel. 

LES OGSÅ: Her skal det byggast 1065 studentbustader