Pengebråk om 40-årsfeiringa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I sommar fyller både kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit 40 år, og i det høvet skal det vere ei privat feiring i helga 19. til 21. juli på Skaugum i Asker. Blant dei inviterte gjestene er vener og familie av kronprinsparet, som stiller høge krav til tryggleik. Opphavleg var det planlagt eit vakthald rundt festen til bort mot 20 millionar kroner, skriv Finansavisen.

Årsaka til den høge summen var at fleire høgt profilerte gjester kravde full sikring av eit Asker-hotell, i tillegg til Skaugum. Planane skapte ifølgje avisa bråk blant dei polititilsette som pressa på for å gjere tryggingstiltaka mindre omfattande, og skaffe forsterkingar frå andre politidistrikt, skriv avisa.

Are Kalvø: Kan nokon vere så snille å ikkje svare meg på dette?

Uavklart kven som tek rekninga
Etter at fleire prominente gjester meldte avbod vart kostnadene kraftig kutta, og i dag ser det ut til at alle gjestene vert innlosjerte på Skaugum-området. Likevel er misnøya blant dei polititilsette. Ifølgje Finansavisen vil festen krevje rundt 40 politifolk døgnet rundt frå fredag til måndag. Kven som tek rekninga til slutt er ikkje avklart, men politiet håpar å få refundert delar av kostnadene. 

Korkje politiet i Asker og Bærum eller kongehuset ynskja å kommentere saka overfor Finansavisen. Kronprins Haakon fyller 40 år 20. juli, medan kronprinsesse Mette-Marit fyller 40 år 19. august.

LES OGSÅ: Tenkjetankar vil ha norsk kongeval