Sinte Star Trek-fans

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Til no har dei berre vore kjente som P4 og P5, dei to månane som vart oppdaga i 2011 og 2012. Då Plutos fjerde og femte måne endeleg skulle få skikkelege namn, ba Den internasjonale astronomiske union (IAU) om bidrag frå publikum.

LES OGSÅ: Svolt rokkar din politiske ståstad

Ikkje overraskande vart konkurransen kuppa av fans frå TV-serien Star Trek. Karakteren Spock i serien kjem frå planeten Vulcan, og over 170. 000 røysta på namneforslaget, skriv Forskning.no.

Trass i det store engasjementet, valde IAU i staden forslaga som kom på andre- og tredjeplass i konkurransen. Desse fekk nær halvparten så mange stemmer som det Star Trek-inspirerte namnet. Dermed har ikkje Pluto nokon Vulcan, men heller ein Kerberos og ein Styx, skriv The Christian Science Monitor.

Årsaka til at Star Trek-fansen vart forbigått er at namnet Vulcan allereie er i bruk, ifølgje ei fråsegn frå IAU. Vulcan var nemleg namnet på ein hypotetisk planet mellom Merkur og Sola. Sjølv om denne planeten synte seg å ikkje eksistere, har ordet vulkanoide haldt fram med å vere knytt til asteroidar innanfor bana til Merkur. IAU avviste difor forslaget.

Dei aksepterte derimot forslaget som fekk nest mest stemmer, Ceberus, men med ei lita omskriving. Ettersom ein asteroide i nærleiken av jorda allereie ber namnet 1865 Cerberus, vart løysinga å velje den greske stavinga av namnet, Kerberos.

LES OGSÅ: Dødsfrykt i kvar bit

Dette fekk sjølvsagt personen som starta det heile på Twitter til å rase. Denne mannen var ingen ringare enn William Shatner, alias Captain James T. Kirk frå Star Trek. I ein tweet peika han på den manglande logikken i å akseptere Kerberos sjølv om det allereie er namnet på ein asteroide, og avvise Vulcan, fordi det var namnet på ein planet som synte seg å ikkje eksistere.

– Dei er nok Star Wars-fans, tvitra kapteinen, etter å ha anklaga IAU for å utnytte Star Trek-fansen for å marknadsføre namnekonkurransen.

LES OGSÅ: Politisk grønvasking