– Gler meg veldig

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den britiske avisa Daily Mail melde tysdag at stryningen skal inn i ei fulltids rolle som akademitrenar i den London-baserte storklubben.  

Flo skal i hovudsak jobba med Chelseas yngre spelarar, men kjem óg til å vera involvert rundt blåtrøyenes U21-lag.  

Gler seg  
Og Flo legg ikkje skjul på at han klør etter å koma i gong med arbeidet.

 – Eg ser verkeleg fram til det. Som spelar var eg i mange ulike klubbar men mest av alt var eg her i Chelsea så vonleg kan eg koma med nokre råd til spelarane, seier Flo til klubbens eigen tv-kanal, Chelsea TV.  

Flo, som hadde ei liknande rolle i klubben på deltid førre sesong, vil mellom anna verta nytta til å utvikla klubbens unge spisstalent, i følgje reservelagssjef Dermot Drummy.  

– Me har til dømes prøvd å gjera Islam Feruz om til ein klassisk "nummer 9-spiss", og Flo kan bruka sin erfaring til å hjelpa med det, seier Drummy til Daily Mail.

LES OGSÅ: – Treningssenter er ikkje for alle 

Saman med Mourinho  
Den tidlegare Sogndal-spelaren, som la fotballskoa på hylla for tredje gong i fjor sommar, skal dermed jobba under "The Special One" i Chelsea, José Mourinho.

 – Eg er like oppglødd som alle andre angåande Mourinho. Han er den alle ville ha. Det vil sjølvsagt vera press men han veit betre enn nokon korleis han skal handtera det, seier Flo.  

LES OGSÅ: – Hald ut i starten

Viktig rolle  
Flo vert ein del av ei viktig satsing i Chelsea, då klubben grunna UEFAs nye Financial Fair Play-reglar er nøydd til å satsa meir på eigne talent enn tidlegare.  

John Terry er den siste frå klubbens eigne rekkjer som har spikra ein plass i startellevaren, og Mourinho har allereie stadfesta ein ambisjon om å fokusera meir på ungdomen i tida framover.

Les saka i Sogn Avis!