Gladkristne og negative ateistar på Twitter

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gladkristne på Twitter

Kristen-tvitrarar bruker ord som kjærleik, glad, fantastisk, familie, venn og team. Ateistar tvitrar orda dårleg, gale, forferdeleg, tenkje, fornuft og spørsmål.

Dette har to doktorgradsstudentar i sosialpsykologi ved University of Illinois saman med rettleiaren sin kome fram til, skriv Vårt Land.

Ifølgje CNN har dei to analysert språket i om lag to millionar meldingar frå 16.000 aktive brukarar på Twitter, nettenesta der du kan snakka til verda i korte meldingar.

Twitterpaven
Forskarane valde kjende kristne personar som pave Benedikt XVI, pastorane Joel Osteen og Rick Warren, den konservativ politiske kommentatoren Dinesh D'Souza og Joyce Meyer, ein kristen forfatter og taler.

Nokre av ateistane som var med i studien var Richard Dawkins, Sam Harris, Christopher Hitchens og Monica Salcedo, ein sterkt frittalende ateistblogger.

Med hjelp av eit tekstanalyseprogram fann forskarane ut at kristne tvitrar med ein høgare frekvens av ord som reflekterer positive kjensler og sosiale relasjonar. Dette vil ikkje seia at ateistar ikkje bruker desse orda, men dei konkurrerer ut dei kristne tvitrarane når det gjeld analytiske ord forbunde med negative kjensler. 

Og konklusjonen er: Når ein er begrensa til 140 teikn – som ein er på Twitter – framstår truande menneske meir lykkelege enn dei som ikkje trur på Gud.