Dødsfrykt i kvar bit

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Om lag kvar dag dei to siste åra av andre verdskrig, smaka Margot Woelk på måltida til Adolf Hitler før nazistleiaren sjølv skulle ete. Dersom ho ikkje vart dårleg av maten, vart den pakka i boksar og frakta til Hitler.

Det siste måltid
– Hitler var vegetarianar, så all maten var vegetariansk, fortel den no 96 år gamle kvinna til Reuters.

Saman med 14 andre kvinner i tjueåra, frykta Woelk at kvart måltid skulle bli hennar siste.

LES OGSÅ: Gladkristne og negative ateistar på Twitter

– Gjennom spionane sine hadde Hitler fått snusen i at engelskmennene ville forgifte han. Difor fekk han oss til å smake på maten før han åt. Vi var alltid livredde for at det skulle vere gift i maten, fortel ho.

Den eldre kvinna har framleis mareritt om fortida som Hitlers mattestar. I fleire tiår etter krigen snakka ho ikkje om den skremmande jobben ho hadde hatt.

Då Hitler tok sitt eige liv i 1945 flykta Woelk til Berlin, der ho gjekk i skjul. Sovjetiske styrkar nærma seg den tyske hovudstaden, og kvinna vart seinare funnen og misbrukt av sovjetiske soldatar. Dei 14 andre kvinnene, som vart att då Woelk flykta, vart alle drepne.

Ektemannen til Woelk, som hadde sete i russisk fangenskap og var anteken død, dukka opp etter krigen. Då hadde ikkje Woelk høyrt frå han på to år og kjende han først ikkje att.

– Eg har levd eit dramatisk liv, og no er eg tilbake i det same huset som eg budde i før krigen, fortel Woelk.

LES OGSÅ: Tungt lesestoff

Gamle og nye mattestarar
Kjemikaliar som arsenikk, cyanid, stryknin og atropin har tradisjonelt blitt brukt for å forgifte folk. Av desse er cyanid, som er blåsyre i fast form, det einaste som kan ta liv i laupet av minuttar, ifølgje John Emsley, som er professor i kjemi ved Universitetet i Cambride.

Skikken med å la personar teste maten til viktige leiarar går tilbake til det gamle Egypt og Romerriket, ifølgje Emsley.

Somme kjelder hevdar praksisen framleis er i live. I 2009 fortalde den franske restauranten “La Fontaine de Mars” at ein person hadde smaka på maten som skulle serverast til Barack Obama, før den amerikanske presidenten og familien hans kom til restauranten, ifølgje AFP.

LES OGSÅ: Politisk grønvasking