Vil behalde Vinmonopolet

Vinmonopolet har ein sterk posisjon i Noreg. 74 prosent av dei spurte i ei fersk meiningsmåling meiner at monopolet slik det er i dag bør halde fram.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nøgde med Vinmonopolet

22 prosent ynskjer å avvikle ordninga, medan 4 prosent ikkje tok stilling, skriv Aftenposten. Det er TNS Gallup som har gjort den landsrepresentative spørjeundersøkinga om folk sine haldningar til alkohol- og narkotikapolitikken på oppdrag frå samarbeidsorganet for rusfeltet, Actis.

LES OGSÅ: Reagerer på nynorsk vin

Styreleiar i Actis, Arne Johannessen, meiner undersøkinga syner at innbyggjarane i stor grad ynskjer å halde på alkoholpolitikken slik han er i dag.

– Det er få veljarar å vinne på ein meir liberal alkoholpolitikk. Politikarane bør heller satse på å ruste opp rusomsorga skikkeleg, seier Johanessen. Han trur det er fleire grunnar til at 74 prosent vil halde på vinmonopolet.

– Folk i Noreg aksepterer at ruspolitikken må ha relativt strenge reglar, for ein ser konsekvensen av frislepp. Mange er opptekne av rus og folkehelse, og ser samanhengen mellom alkohol og valdskriminalitet, seier han.

Åtte av ti vil halde på reklameforbodet mot alkohol. Når det gjeld avgifter og salstider, meiner drygt halvparten av lovene må vere som i dag. 

LES OGSÅ: Helseekspertar vil forby snus og pappvin

Kva meiner du? Bør vi halde fram med ordninga med vinmonopol også i framtida?