Eldre kranglar mindre

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kanskje har vi noko å lære av gamle travarar, også når det kjem til kjærleiken?

Når det er krangel i lufta er eldre par si løysing ofte å unngå temaet, ifølgje forskarar ved San Franscisco State University. I ein studie fulgte dei kring 130 par, som hadde vore gift i over 13 år og var mellom 40 og 50 år. Forskarane filma korte diskusjonar para imellom, for å sjå korleis dei handterte kontroversielle tema, som husarbeid og økonomi, melder LiveScience.

LES OGSÅ: Tyskarane trur på kjærleiken

Studien fokuserte på ein vanleg form for kommunikasjon mellom partnarar, der den eine stiller krav og den andre trekkjer seg unna. Medan den krevjande klagar på partnaren eller pressar han eller henne til å endre seg, unngår den andre å snakke om problemet eller forlèt heile situasjonen.

Ein av forskarane bak studien, psykologen Sarah Holley, kalla kommunikasjonen for sjølvforsterkande og polariserande.

– Dersom til dømes kona krev at ektemannen skal ta oppvasken og mannen trekk seg unna, kan kona sine krav eskalere. Høgare krav kan på si side auke ektemannen sin tendens til å trekkje seg unna diskusjonen, seier Holley.

LES OGSÅ: Til kamp for det gode språket

Å la konfliktane liggje som verkebyllar er vanlegvis ikkje rekna som veldig bra, særleg hjå yngre par. Eldre par har derimot handtert usemje i fleire tiår. Om begge unngår giftige tema, kan det styre samtalen mot meir nøytrale samtaleemne. Dette var òg tendensen forskarane fann; begge partnarane i eldre par unngår potensielle konfliktar. I tillegg til alderen, spela lengda på forholdet ei rolle for om para følgde eit slikt mønster.

Tendensen til å unngå konfliktar kjem parallelt med andre aldersrelaterte endringar, ifølgje Holley. Ettersom folk vert eldre byrjar dei å gje slepp på uoppnåelege mål. I staden søker dei positive erfaringar.

Såleis kan kanskje dei gamle travarane ha kome til ei innsikt om at nokre kranglar aldri tek slutt, som endå ikkje er dei yngre forunnt?

LES OGSÅ: Singel og babyklar?