Sel sko til Asia
Varestraumen går stort sett motsett veg, men no eksporterer Aurland Skofabrikk AS sko til Kina og Japan.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Ja, det stemmer. Me har sendt frå oss eit lite parti, seier Geirfinn Lysne, dagleg leiar i Aurland Skofabrikk AS.
Samarbeid
Det er gjennom eit samarbeid med designkollegiet HAIK Lysne har fått til denne avtalen, som har namnet HAIK with Aurlandskoen.
– Dei har sett på Aurlandskoen som eit interessant produkt, og me samarbeider med dei om produktutvikling og liknande. Me er også med på designmesser der me profilerer kvarandre.
LES OGSÅ: Rekordmange deltakarar i Freeride
Lysne legg til at dei har hatt dette samarbeidet i 1,5 år, der dei har drege stor nytte av kontaktnettet. Dette har altså resultert i eksport av sko til Beijing, Hong Kong, Shanghai i Kina og Tokyo i Japan.
Urskoen
Lysne seier dei ikkje berre har seld spesialdesigna sko til Asia.
– Meir enn halvparten er den tradisjonelle Aurlandskoen. Sjølve urskoen, den lysebrune med lêrsole. Det er spesielt gledeleg, det er tydeleg at den har appell i Asia.
Les saka i Sogn Avis!
LES OGSÅ: Låvedans og regnskydiving