14 000 køyrer utan lappen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 UP veit ikkje korleis dei skal få ned talet på folk som køyrer utan gyldig førarkort på norske vegar, melder NPK. Ferske tal viser at 14.000 bilistar køyrer utan lappen.

– Det er altfor mange som rett og slett gir blaffen, seier sjefen for utrykkingspolitiet, Runar Karlsen til P4, som har henta inn dei ferske tala. Karlsen legg til at førarar utan førarkort er skuld i mange ulykker, også dødsulykker.

LES OGSÅ: Satsar på helsa til borna

Samferdselspolitisk talsmann Bård Hoksrud i Framstegspartiet meiner bota på 8.000 kroner for å køyre utan førarkort ikkje er avskrekkande nok. Han synest politiet altfor sjeldan bruker heimelen dei har for å beslagleggje og selje bilen, dersom ein sjåfør blir tatt utan lappen fleire gonger.

– Politiet må ta i bruk sterkare verkemiddel for å hindre at folk risikerer livet og helsa til andre, seier Hoksrud.

Talet på sjåførar som køyrer utan førarkort har halde seg stabilt sidan 1999, og med stadig fleire bilar på vegane, skulle det tilseie at delen som køyrer utan å ha papira i orden, har falle. Hoksrud etterlyser hyppigare kontrollar for å få talet ned, og han får støtte av statssekretær Lars Erik Bartnes (Sp) i Samferdselsdepartementet.

– Det er ikkje ofte eg er einig med Bård Hoksrud, men det er eg no. Det er eitt verkemiddel som verkar, og det er å auke sannsynet for å bli tatt. (©NPK)

LES OGSÅ: Blant dei beste i landet