Opnar for å vrake SV og Ap

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I opposisjon er vi eitt og eitt parti, seier Gunn Iversen Stokke, som er fylkesleiar i Sør-Trøndelag Sp, til Klassekampen.

Ho meiner den raud-grøne alliansen med Ap og Sv dei siste åtte åra først og fremst er strategisk. Ho seier ho håpar på raud-grøn siger i stortingsvalet, men understrekar at ho «driv Sp-politikk og ikkje SV- eller Ap-politikk».

– Når vi skal forhandle fram ei ny regjering, vil vi blant anna ha krav innanfor område som samferdsel, jordbruk og miljø. Om dei ikkje støttar oss, så kan eit regjeringssamarbeid vere heilt uaktuelt. Eg ser det så enkelt. Då reknar eg med at vi må stå for oss sjølv, seier Stokke.

Laurdag slo LO-leiar Gerd Kristiansen fast i Klassekampen at det er viktig at Ap, SV og Sp held fram å byggje på det raud-grøne samarbeidet, også etter eit eventuelt valnederlag.

Sp-leiar Liv Signe Navarsete er blant dei som er ueinige og gir ingen garantiar. Ho har signalisert at Sp etter eit eventuelt valnederlag skal posisjonere seg meir sjølvstendig og ikkje vere bunde av det raud-grøne samarbeidet.

Heller ikkje fylkesleiar Thomas Iver Hallem i Nord-Trøndelag Senterparti vil gi nokon garanti for framleis raud-grønt samarbeid etter eit eventuelt valnederlag.

– Det er farleg å gi garantiar i det politiske ein ikkje har hundre prosent kontroll over, seier Hallem.

LES OGSÅ: Fetrar og kusiner mistar odelen