Heidi Furre starta eigentleg å kalle bokprosjektet «Parissyndromet» litt på tull, seinare vart det tittelen på debutromanen.

mm

Heidi Furre forsøkte alternative titlar til debutromanen sin, men «Parissyndromet» var det einaste som fungerte.

– Eg trur ikkje eg hadde våga meg ut på to år med skriving om eg ikkje visste at eg hadde eit forlag i ryggen, seier romandebutanten.

LES OGSÅ: Inderleg debutant

Bloggtips
Det var redaktør i Flamme forlag, Nils-Øivind Haagensen, som kontakta 26-åringen frå Stord etter å ha fått eit tips om bloggen hennar.

– Ho seier sjølv at ho ikkje hadde tenkt tanken om å skrive ei bok, det tykkjer eg er litt rart med tanke på det høge nivået ho held, seier redaktøren, som sjeldan hentar inn forfattarar sjølv.

To år etterpå er Word-dokumentet vorte til ei fysisk bok ho kan halde i hendene, det tykkjer forfattaren sjølv er litt rart. Og fint.

LES OGSÅ: Debutant får kulturpris og 300.000

Namnetrøbbel
– Eg er eigentleg ikkje så glad i ordet syndrom, fordi det høyres litt sjukeleg ut, seier Furre.

Ho prøvde andre alternativ, men det synte seg at det berre var denne tittelen som passa.

Ifølgje den japanske legen Hiroyki Ota er Parissyndromet ein psykisk sjukdom som rammar japanske turistar i Paris. Sjuka oppstår som følgje av at Paris ikkje svarar til deira romantiske forventningar. Furre trur at boka hennar passar for lesarar på reise, men det treng ikkje vere til Paris.

LES OGSÅ: Ein plukka blome

Litt heimlengt
Hovudpersonen i boka er ei norsk jente, som flyttar til verdas kjærleikshovudstad etter ei lita personleg krise. Her opplev ho sitt eige Parissyndrom.

– Eg har nytta eigne erfaringar, men boka er nok mørkare enn slik eg opplevde Paris, fortel forfattaren.

Ho har sjølv budd i Paris, der ho studerte fransk, frilansa som fotograf og arbeidde i vintage-butikk. Her kunne Furre nyte franske ostar og eit godt kulturtilbod, men det var ikkje fritt for at ho sakna litt heim til familie og vener i Noreg.

LES OGSÅ: Heidrar Lars Amund Vaage

Veddemål
No har forfattaren gjort sitt, skrive boka og ser på sin jobb som ferdig, med unntak av litt høgtlesing. Og når debutanten les høgt frå romanen sin vert det på målforma som er nærast den dialekta ho snakkar:

– Om eg ikkje skulle skrive nynorsk, kunne eg like gjerne ha skrive på engelsk, som bokmål. Eg snakkar faktisk oftare engelsk enn bokmål.

No er det opp til publikum og dei frykta bokmeldarane å felle dommen.

– Det er litt skummelt. Eg vonar eigentleg at boka ikkje vert meldt, men får gå roleg forbi, seier Furre.

Forfattaren er kanskje noko nervøs, men forlaget har klokketru på debutanten. Dei har til og med eit veddemål gåande om «Parissyndromet» vil kome ut i eit andreopplag.

Oppdatert: sundag 13. januar 2019 19.57

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE