Elevar skal læra meir om familievald

Vald i nære relasjonar har fått ein større plass i dei reviderte læreplanane frå Kunnskapsdepartementet.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kunnskapsdepartementet justerer lærarplanane i ei rekkje fag. Mellom anna blir det auka vekt på algebra, personleg økonomi, kropp og seksualitet og kunnskap om vald i nære relasjonar.

Departementet fastsette fredag reviderte læreplanar for faga matematikk, naturfag, engelsk og samfunnsfag for hausten. Kunnskapsminister Kristin Halvorsen strekar under at dette ikkje handlar om ei ny reform, men om ei justering av gjeldande læreplanar.

I matematikk skal mellom anna algebra og personleg økonomi styrkjast. I naturfag er temaa berekraftig utvikling og klima, i tillegg til kropp og seksualitet styrkt med fleire kompetansemål. I engelsk er hovudområdet kommunikasjon delt i munnleg kommunikasjon og skriftleg kommunikasjon, slik at dei grunnleggjande øvingane i lytting, lesing og skriving blir styrkt. Det er også fastsett eigen læreplanen i engelsk for døve og sterkt tunghøyrde.

I samfunnsfag skal eit nytt hovudområde – Utforskaren – leggja til rette for praktisk og variert arbeid, og skal bidra til å stimulera nyfikna til elevane på same måte som Forskarspira i naturfag. I tillegg skal tema som nettvit, nettetikk, personleg økonomi, likestilling, respekt for andre, grensesetjing og kunnskap om vald i nære relasjonar styrkjast.