Ber Stortinget slå saman kommunar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kommunane krev samanslåingar

Kommunestrukturen i dag er neppe føremålstenleg, meiner KS-styreleiar Gunn Marit Helgesen.

Neste veke skal hovudstyret i KS behandle eit forslag til vedtak der organisasjonen langt på veg ber om at Stortinget må ta initiativ til endringar i kommunestrukturen, skriv Dagens Næringsliv.

Helgesen meiner det har skjedd ein modningsprosess.

– Det er nok ei erkjenning av at kommunestrukturen i dag kanskje ikkje er så føremålstenleg og gir så gode tenester som vi ønskjer oss, seier ho.

KS vil ha fleire premissar på plass for at ein kommunesamanslåingsprosess skal vere vellykka. Eitt av KS' krav er at endringar i kommunegrenser må gå hand i hand med endringar i ansvar. Eit anna krav er at Stortinget må ta omsyn til geografi når kommunegrenser skal endrast. Eit tredje krav er at ei kommunereform må smørjast med økonomiske insentiv for kommunane, som omstillingsmiddel og stimuleringsmiddel.

LES OGSÅ: – Desse kommunane er for små

På KS' kravliste heiter det også at kommunane sjølve må få fleire ord med i laget når kommunegrensene skal trekkjast, og at nye kommunegrenser ikkje berre kan baserast på samanslåing av eksisterande kommunar. Dermed opnar KS for at nokre av kommunane i dag kan splittast opp der eitt område blir del av ein ny kommune medan eit anna område blir del av ein annan kommune. (©NPK)

Kva meiner du? Er det på tide at Noreg får færre kommunar?