Kva veit du om klamydia?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den nye nettsida Sjekkdeg.no skal lære barn og unge om kjønnssjukdommar i eit dataspelliknande landskap.

På sida kan ein mellom anna gå til ein klinikk og få informasjon frå ein teikneserie-lege, eller gå på kino og sjå informasjonsvideoar om seksuelt overførbare sjukdommar. Nettstaden er laga for ungdom frå 12 år og oppover.

– Ungdommane er engasjert i eit leikent miljø samtidig som dei lærer. Resultatet er at dei blir meir medvitne om seksuelt overførbare sjukdommar i det verkelege livet, seier psykolog og initiativtakar Elia Gabarron til Forskning.no.

Sjekkdeg.no er del av eit forskingsprosjekt finansiert av Helse nord RHF. Prosjektet skal undersøkje om internett og sosiale medium kan brukast til å redusere klamydia blant ungdom. (©NPK)

Faktaboks

Klamydia er ein seksuelt overførbar infeksjon forårsaka av bakterien Chlamydia trachomatis. Ordet klamydia også brukt om sjølve bakterien. Les meir på Wikipedia!