Italiensk vri ved breen
Med Nigardsbreen som nærmaste nabo serverer dei gjestene ein smak av Italia.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Stikkordet er heimekoseleg. Kjensla dei vil skal råka gjestene som vitjar Nigardsbreen Gjesteheim.
– Me fokuserer på å yta god og personleg service. I tillegg er me begge lidenskapleg opptekne av å laga mat, fortel Jenny Røysland Solber. Som saman med kjærasten Guiseppe Traverso Saibante, ein sprudlande italienar i mariusgensar, skal drifta den vesle gjesteheimen i sommar.
Reint tilfeldig
Det var i fjor at det unge paret fekk sit første møte med turistbygda og den tradisjonsrike gjesteheimen.
– Me jobba begge med å undervisa på ein norsk skule i Bali, og drøymde om ein sommarjobb som kunne kombinerast med fjell og natur. Då eg nemnde dette for ein arbeidskollega, sa ho at ho hadde jobba på hotellet i Jostedalen for nokre år attende, og oppmoda oss til å reisa hit. Dermed var alle våre ønskje besvarte, fortel Jenny.
LES OGSÅ: Sognefjorden på ti-på-topp-liste
– Som på hytta
Same året som duoen ankom, fekk opphaldsrommet og dei sju soveromma eit større løft. Ei tydeleg gjennomført innreiing kombinerer i dag nostalgiske møblar med naturlege materialar og fargesprakande tapetar i full blomstring.
– Me ønskjer ikkje at atmosfæren skal vera for stiv. Det ideelle er når gjestene opplever det som at dei er på hytta på fjellet, men med betre oppvarting og utsøkt mat. Folk skriv i gjesteboka at dei føler seg som heime, og det er nettopp slik respons me ønskjer, seier Jenny.
LES OGSÅ: Best i vest på turisme
Italiensk vri
Nigardsbreen Gjesteheim er eigd av selskapet Mountainfjord, som har gjeve dei to frie tøylar til å driva som dei vil. Dette har gjeve utslag på menyen, der dei gjerne baserer seg på naturens eige spisskammer.
– Eg føreslo først å laga tradisjonsrike norske rettar, men fekk då klar beskjed om at dette var litt kjedeleg. Difor satsar me på å kombinera norske rettar med laks, reinskjøt, sjølvplukka steinsopp, kantarellar og bær, med italienske urter og pastarettar. Me likar å improvisera med maten, og byter gjerne ut menyen dagleg. Til frukost bakar Jenny ferskt rugbrød, som blir servert med heimelaga yoghurt og müsli, fortel Guiseppe.
Skal ein døma utifrå responsen har dei lukkast bra.
– Me lagar aldri store kvantitetar då det alltid skal vera ferskt. I fjor hadde me to gjester som hadde reist to veker i Noreg. Dei sa at maten hjå oss var det beste dei hadde smakt på heile turen.
LES OGSÅ: Vil dyrke den gamle maten
Yoga og bar
Paret starta årets sesong i dalen 1. juni, og har allereie husa fleire tyskarar, nederlendarar og nordmenn.
– Mange av dei som kjem innom er turgåarar, fjellfolk og syklistar. Me har også hatt ein skule frå Bergen, samt lokale som kjem innom i helgar og på ettermiddagen. I kjellaren er dei for fullt i gang med å byggja bar, der dei vonar å husa diverse festlegheiter utover sommaren.
– Sjølve bardisken er ferdig, men resten av innreiinga og utstyret må på plass før me kan opna. Rommet vil også bli nytta til Jennys yoga-timar, fortel Guiseppe og legg til ho har planar om å halda eit yogakurs i juli. Også eit kokkekurs er under planlegging.
LES OGSÅ: Turistar vil treffe fleire lokale
Ope for alle
Sjølv om gjesteheimen i stor grad vert marknadsført mot aktive turistar, vonar dei også å engasjera lokalbefolkninga gjennom Facebook-sida si.
– Me held ope sju dagar i veka, men eg trur ikkje folk har fått meg seg at gjesteheimen er i drift att. Me prøver difor kontinuerleg å oppdatera heimesida og Facebooken vår, for at folk skal sjå kva som skjer her.
– Planen er å kunne tilby ulike aktivitetar, spel og grilling i hagen, samt selskap og lukka arrangement etter ønske. No først planlegg me eit arrangement på Sankthans, der me er på utkikk etter lokale musikarar som vil spela for gjestene.
LES OGSÅ: Vill natur lokkar utlendingar
Søndagsgjester
Førre søndag var det open dag med kaffi, kaker og lunsj på menyen. Mellom dei som hadde teke turen var Birgit Aakre Tennø og Rolf Arne Tennø.
– Me såg menyen på Facebook, og blei veldig nyfikne. Lokalet er kjempeflott, og maten smakar veldig bra, konstaterer dei.
LES OGSÅ:
Les saka i Sogn Avis!